Nytt røykesluttkurs frå 14. oktober

Med oppstart 14. oktober inviterer Frisklivs- og meistringssenteret røykesluttkurs for innbyggjarar i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Kurset er retta mot dei som ønskjer å slutta å røykja eller snusa.

2015-09-11_13h55_25

Kurset går over seks ettermiddagar/kveldar i tidsrommet 17.00 – 18.45. I løpet av dei tre første samlingane førebur du deg på å slutta å røykja eller snusa. Dei neste tre samlingane vert brukte til å oppretthalda røyk- eller snusfri kvardag og motivasjonen for å halda fram å vere røyk- eller snusfri. Kurshaldar er Bente Guntveit som mellom anna er folkehelsekoordinator i Øygarden.

Kurshaldar Bente Guntveit

Kurshaldar Bente Guntveit

 

 

Sjå plakat for kurset.

For påmelding til kurset send epost til fms@offentleg.no

Helsedirektoratet har laga sida «Slutta – din røykeslutt» på Facebook for at folk skal kunne dela sine erfaringar med røykeslutt.

Frisklivs- og meistringssenteret er eit interkommunalt helsetilbod for innbyggjarar i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden som hjelper deg til å ta grep om eiga helse og endre levevaner. Senteret skal vera kommunane sin ressurs for å støtta opp om gruppebasert opplæring av innbyggjarar med kronisk sjukdom. Etter planen skal FMS gå inn som ein del av det lokalmedisinske

publisert 16.09.2015