Nytt regionalt medisinsk tilbod på Askøy

– Det er svært gjevande å få arbeida med desse pasientane. Vi arbeider både for å gje høg kompetanse og mykje omsorg. Som pleiarar kjem vi svært nær menneska og opplever både å få og gje mykje.

Anne Kjersti Drange og Britt Søilen ved inngangen til den nye eininga

Det seier avdelingsleiar på den nye lindrande eininga på Helsetunet på Askøy, Britt Søilen. Fredag 26. oktober er det offisiell opning av den nye eininga som er lokalisert i Kleppestø sykehjem. Eininga vart teken i bruk første oktober.

Helsedirektoratet har gjeve 1,65 millionar kroner til eininga som er eit samhandlingsprosjekt i eit samarbeid mellom Helse Bergen og kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Også Kreftforeningen og Kompetansesenteret i lindrende behandling er med i dette samarbeidet. Det nye halvannalinjetilbodet har fire sengepostar for korttidsopphald for kreftpasientar i dei fire kommunane i region vest. Tilbodet kan vera eit alternativ til innlegging på sjukehus og vil redusera opphaldstida ved innlegging. Denne veka er det tre pasientar på eininga på Kleppestø.

– Tilbodet, som er organisert under open omsorg, skal vera eit supplement til kreftomsorga i kommunane og gje tilbod om symptomlindring og smertelindring i form av heilskapleg omsorg til både pasientane og deira pårørande. Etter eit opphald på den lindrande eininga, legg vi til rette for at pasientane kan koma tilbake til heimen eller til institusjonsplass i kommunane. I nokre tilfelle kan pasienten igjen verta innlagt på sjukehus, seier fagsjef for åpen omsorg i Askøy kommune, Anne Kjersti Drange.  

Opphaldet på lindrande eining skal vera målretta og kortvarig. Eit opphald på eininga er til vanleg mellom 10 og 14 dagar. Drifta av samhandlingsprosjektet er finansiert med 50 prosent som tilskot frå Helse Bergen og 50 prosent fordelt på dei fire samarbeidskommunane i regionen.

Ressurssenter

Alle dei fire samarbeidskommunane har resurssjukepleiarar i eit nettverk/resurssenter for lindrande behandling. Desse sjukepleiarane samarbeider med fastlege som tilviser til lindrande eining. Også sjukeheimslegen og lege på sjukehuset kan gje tilvising. Søknadene går til eit vurderingsutval som avgjer om pasienten skal få eit opphald på lindrande eining på lindrande eining på Askøy eller eventuelt Synniva senter på Haraldsplass Diakonale Sykehus. Ressurssenteret gjev også rettleiing og undervisning til kommunane.

Eín gong i veka kjem lege frå palliativt team i Helse Bergen til lindrande eining på Askøy. Fastlegen til pasientene vert invitert inn og saman med sjukheimslegen får desse møte med ekspertlege frå sjukehuset. Vi tenkjer at denne kompetanseutvekslinga og informasjonsflyten som ein kan oppnå her er svært verdifull for pasientane med tanke på ei vidare oppfølging. Eín gong i veka er det også tverrfagleg møte mellom dei ulike instansane som er involverte i tenestetilbodet. Alle pasientene som er inneliggjande i eininga får høve til eit tverrfagleg behandlingstilbod samansett av presteteneste, fysioterapeut, ergoterapeut og medarbeidar frå NAV.

Det er laga til pårøranderom like ved den nye eininga.

– Med dette tilbodet får pasientane eit tilbod bygd på god kompetanse. I staden for å vera på eit stort sjukehus, gjerne med fleire pasientar på rommet, får dei behandling i rolege omgjevnader nær heimen, seier Anne Kjersti Drange.

 Adelingsleiar Britt Søilen viser oss eitt av dei to pårøranderomma.

 – Her kan dei pårørande få kvile og overnatting like ved den lindrande eininga, seier Søilen.

Askøy kommune har sidan 2009 også hatt eit eige treårig prosjekt i kreftomsorga i primærhelsetenesta med støtte frå Helsedirektoratet. Etter prosjektperioden vert dette no vidareført med eitt og eit halvt årsverk. Med det nye tilbodet lindrande eining har både Askøy kommune og dei andre kommunane i region vest fått eit nytt og viktig tilbod retta mot kreftsjuke.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 25.10.2012