Ny nettside for biblioteka i vest

På torsdag i sist veke vart den nye nettsida til biblioteka i region vest bibvest.no lansert.

Full rulle med ny nettstad. Frå lanseringa i Sjoddien i Strusshamn, 28. august. Frå venstre: Bibliotekleiar i Øygarden, Kari Mala, bibliotekleiar i Sund og prosjektleiar Bente Fosse, spesialrådgjevar Lena Glesnes frå fylkesbiblioteket, konstituert bibliotekleiar i Askøy, Irene Hantveit og bibliotekleiar i Fjell, Trude Bendiksen.

Med denne sida får brukarane ein oversiktleg inngang til kva dei fire biblioteka har å by på av avanserte tekniske løysingar.

Hordaland fylkeskommune skriv på si nettside at den nye nettstaden formidlar søkje- og lånetenesta i katalogane på ein svært brukarvenleg måte. Samstundes får brukarane raskt overblikk over aktivitetar i biblioteka framover, i tillegg til kjelder, inspirasjon til leselyst og anna innhald kvalitetssikra av dei bibliotektilsette.

Lanseringa av den nye nettstaden vart markert på kultursenteret Sjoddien i Strusshamn på Askøy. Ordførar i Sund, Kari-Anne Landro deltok også, saman med fylkesbiblioteksjef Ruth Ørnholt og spesialrådgjevar Lena Glesnes.

Les meir på nettsida til fylkeskommunen.

Foto: Anders Mongstad, Fjell folkeboksamling.

publisert 01.09.2014