Ny kommunestruktur: – Vér raus!

Ordførar i Vindafjord, Ole Johan Vierdal, oppmodar kommunane til å vera raus i arbeidet med ny kommunestruktur.

Ordførar i Vindafjord, Ole Johan Vierdal, snakka om samanslåing av Ølen og gamle Vindafjord kommune.

Ordførar i Vindafjord, Ole Johan Vierdal, snakka om samanslåing av Ølen og gamle Vindafjord kommune.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På Tinget i Vest i Sund i dag fortalde han om samanslåinga av Vindafjord og Ølen kommunar som vart ein realitét frå 2006.

– For å få til noko, må ein vera raus, og den største kommunen må vera ekstremt raus, sa Vierdal til tinget som er samansett av formannskapa i dei fire kommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.

Vindafjord har i dag knapt ni tusen innbyggjarar, og dei to kommunane var ved samanslåinga om lag like store. Før kommunesamanslåinga kunne realiserast, måtte Ølen kommune melda «overgang» frå Hordaland til Rogaland. Vindafjord fekk kommunenamnet, medan Ølen fekk kommuneadministrasjonen.

Før samanslåinga sleit begge kommunane med økonomien. Målet med samanslåinga var å skapa ein livskraftig distriktskommune på indre Haugalandet. I etterkant har folketalet auka jamt og trutt med om lag to prosent i året, og netto driftsresultat har i hovudsak lege på 25 til 40 millionar kroner.

– Eg har gjerne sagt at dette er ei solskinshistorie. I etterkant er så og seia ingen skepsis til at det vart ein samanslått kommune, sa Vierdal.

Han minna om at ein burde ta omsyn til fire perspektiv i arbeidet med kommunereforma. Det var det strukturelle (lovar og reglar), det politiske, menneskelege og kulturelle. Ifølgje Vierdal kom ikkje det kulturelle perspektivet (kulturforskjellar i kommunane) skikkeleg fram før kommunesamanslåinga var eit faktum.

Kommunedelsutval

Fylkesmann Lars Sponheim snakka om oppgåvemeldinga «Meir makt til kommunane» der regjeringa føreslår at ein del oppgåver vert overført frå stat og fylke til kommunane.

Lars Sponheim

Lars Sponheim

Denne meldinga, som vert behandla av Stortinget dette året, er ifølgje Sponheim stor grad avhengig av kva som skjer med kommunereforma. I løpet av første halvår 2016 må alle kommunane gjera eit endelege vedtak om samanslåing eller om ein ikkje vil slå seg saman med andre kommunar.

Lars Sponheim våga å vera litt konkret når det gjeld regionen her ute. Han repeterte det han har sagt tidlegare om at vert ikkje Fjell, Sund og Øygarden eín kommune, vert det ikkje mykje ut av kommunereforma.

Han la til at han for sin del ser for seg tre stolpar ei slik samanslåing kan byggjast på her ute. For det første er det naturleg at kommunesenteret vert lagt til Straume.

– Men det betyr ikkje at kommunehusa i Øygarden og Sund ikkje skal brukast. Det kan leggjast ei rekkje kommunale tenester på desse stadene.

Vidare såg han for seg at det kan avtalast ei «investeringsliste» som sikrar realisering av ulike investeringsprosjekt i «gamle Øygarden kommune». Bakgrunnen for dette er dei store inntektene Øygarden kommune har i eigedomsskatt. Den nye inndelingslova opnar for slike avtalar.

– Og ein slik avtale må ikkje brytast. Du må kunna stola på slike avtalar, sa Sponheim.

Den tredje stolpen har nemnde i sitt innlegg i dag var at det er høve til å etablera direktevalde kommunedelsutval for å sikra lokaldemokratiet.

– Desse utvala kan gjerne fungera i ein periode på 10-15 år. Desse tre stolpane kan vera nok til å vedta ei viljeserklæring for kommunesamanslåing, sa Sponheim som også i nemnde at det kan opprettast næringsfond som særleg kan ha som formål å styrkja utkantane i ein samanslått kommune.
Han runda av med å seia at kommunane bør halda fram med det arbeidet som vert gjort.

– Legg trykk på dette og sjå på moglegheitene! sa fylkesmann Lars Sponheim.

Tinget i Vest vart halda på Nordsjøfartsmuseet i Sund.

Tinget i Vest vart halde på Nordsjøfartsmuseet i Sund.

Interkommunalt arkiv i Hordaland

Dagleg leiar i Interkommunal arkiv Hordaland (IKAH), Rune Lothe, orienterte om eigarkommunane si rolle og utfordringar i tida som kjem når det gjeld dei lovpålagte oppgåvene kommunar har knytt til arkivering. IKAH leiger lokale hjå Byarkivet i Bergen og har seks årsverk. Alle kommunane i fylket, med unnatak av Bergen, står bak dette fellesarkivet.

Ifølgje Rune Lothe har ein fleire store utfordringar når det gjeld oppgåvene med arkivering. Det er lite kunnskap om IKAH og dei tenestene selskapet utfører. Det er behov for tett dialog med kommuneleiinga for å oppnå resultat. Det er eit stor etterslep når det gjeld dei lovpålagte oppgåvene, og kostnadene med dette arbeidet er underkommunisert. Når det gjeld den forventa endringa av kommunestrukturen, må det avklarast kven som skal ha ansvaret for arkivet.

Tinget i Vest vart halde på Nordsjøfartsmuseet i Telavåg.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 27.04.2015