Ny felles nettside om kommunereforma

I dag lanserer kommunane Fjell, Sund og Øygarden nettsida Vår nye kommune; www.varnyekommune.no.

2016-02-22_11h15_14

På denne nettsida kan du følgja Fjell, Sund og Øygarden sitt arbeid med å skapa grunnlag for ein eventuell ny kommune vest for Bergen.

Her finn du mellom anna siste nytt om kommunereforma, kalender og aktuelle dokument om kommunereforma.

I perioden 4. februar til 3. mars gjennomfører dei tre kommunane forhandlingar med sikte på å leggja fram eit utkast til intensjonsavtale om å byggja ein ny kommune samansett av dei tre kommunane Fjell, Sund og Øygarden.

publisert 22.02.2016