Næringspris til Nedre Kleppe Grunneierlag

Nedre Kleppe Grunneierlag er tildelt Askøy Næringspris. Grunneigarlaget fekk prisen på ei tilstelling laurdag 10. desember.

Det var ordførar Siv Høgtun som delte ut prisen som var på 20 tusen kroner og diplom, skriv Askøy kommune på heimesida.

Frå venstre: Klaus Martin Jensen og Per Råd (grunneigarlaget), styreleiar i ANF Tone Haugland, dagleg leiar for Storebotn næringspark Kårleiv Bratli, ordførar Siv Høgtun og regionbanksjef i Nordea Oddmund Aarhus.

Grunneigarlaget får prisen for det gode arbeidet som er gjort gjennom lang tid med utvikling av Storebotn Næringspark. I sin tale sa ordføraren at prisen går til ei gruppe som allereie i 1991 samordna utmarksareala dei eigde i Storebotn og fekk dei omregulert til næringsformål. I dag er det etablert over 100 ulike bedrifter i parken og meir enn 500 personar har sin arbeidsplass der.

Store verdiar

– Det er bygd over 100.000 kvadratmeter med næringslokale som representerer store verdiar. Dersom ein med et lågt anslag reknar kr 10.000 pr kvadratmeter, representerer det bygningsverdiar for over 1 milliard kroner, sa Siv Høgtun.

Prisen er sett opp i samarbeid mellom Askøy Næringslivsforening (ANF), Askøy kommune og Nordea Bank Askøy.

publisert 20.12.2011