Milliongåve viktig for prosjektet

Gjensidigestiftelsen har løyvd eín million kroner til det kriminalitetsførebyggjande prosjektet Felles Ansvar.

– Eín million kroner er den største summen vi nokon gong har gjeve til eitt prosjekt, sier Einar Holsvik i Gjensidigestifelsen. Vi har i år fått 2.700 søknader, og har vurdert «Felles Ansvar» sin søknad som den beste, seier Holsvik til Vestnytt.

Han sier at stiftinga ønskjer å gje pengar til førebyggjande prosjekt, som kan gje menneske eit betre liv. Særleg ønskjer stiftinga å støtta prosjekt som hjelper barn og unge.

Lovnad om fire millionar kroner

– Vi er svært glade for at Gjensidigestiftelsen har gjeve eín million kroner til prosjektet Felles Ansvar. Med denne gåva har vi lovnad om nærare fire millionar kroner frå rundt 15 sponsorar, seier styreleiar i Regionrådet Vest, Olav Martin Vik. Regionrådet har nyleg avgjort å setja i gang prosjektet i dei fire aktuelle kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.

Felles Ansvar er eit kriminalitetsførebyggjande tiltak retta mot risikoutsett ungdom. I første omgang skal det etter planen setjast i gang eit treårig pilotprosjekt der private, offentlege og frivillige aktørar arbeider saman. For å driva prosjektet i tre år, trengs det totalt seks millionar kroner.

– Styret i regionrådet skal ta med seg tilrådingane i forprosjektet og erfaringar frå eigne kommunar. Askøy kommune har fått ansvaret for å følgja opp prosjektet vidare, seier Vik.

Annette Lilletvedt

Annette Lilletvedt

– For meg er det ein kjempestor oppmuntring å få denne meldinga frå Gjensidigestiftelsen. Gjensidige var saman med StorBergen Boligbyggelag den første aktøren som responderte når vi utfordra næringslivet om å støtta prosjektet i vår, seier prosjektleiar for forprosjektet, Annette Lilletvedt.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 21.12.2010