Meir støtte til samhandlingsprosjekt i region vest

Helse- og omsorgsdepartementet har tildelt meir midlar til samhandlingstiltak i region vest (Askøy, Fjell, Sund og Øygarden). I denne runden får regionen 500 tusen kroner til prosjektet interkommunal lindrande eining lokalisert på Kleppestø på Askøy. 


I juni vart det delt ut eín million kroner til planlegging av lokalmedisinsk senter og intermediær avdeling lokalisert på Straume i Fjell. Dette er også eit samarbeidstiltak mellom Helse Bergen og dei fire kommunane i region vest. Fjell kommune og Helse Bergen har også fått 500 tusen kroner til evaluering av smhandlingstiltaket Jordmor Heim.

Tekst: Vigleik Brekke, foto: Askøy kommune

publisert 14.09.2011