Markerte oppstart for felles JordmorHeim-tiltak

Det var stor stas då Helse Bergen og kommuneleiinga i Fjell, Sund og Øygarden i dag kunne markera oppstarten av JordmorHeim i Fjell, Sund og Øygarden.

Stor glede over god kake. Frå venstre; Eli Årdal Berland, Anne Sissel Faugstad, Marita Hilleren og Otto Harkestad.

Stor glede over god kake. Frå venstre; Eli Årdal Berland, Anne Sissel Faugstad, Marita Hilleren og Otto Harkestad.

Fjell kommune har hatt JordmorHeim-prosjektet gåande sidan januar 2011. No vert dette utvida til å gjelda tre kommunar i region vest.

– Det er alltid kjekt å koma ut her saman med kommunane vest i havet. Dette tiltaket er rett fagleg sett, og så langt er det gode resultat. Dette skal gje mor, barn og familien ein god start, sa viseadministrerande direktør i Helse Bergen, Anne Sissel Faugstad til dei 30 personane som var med på markeringa i dag.

Personleg erfaring

Ordførar i Fjell, Eli Årdal Berland, viste i sin helsingstale til at ho som bestemor har opplevd dette som ei god ordning. I mars 2011 vart svigerdottera og barnet sendt heim frå Kvinneklinikken trygt og tidleg med god oppfølging på heimebane.

– Det er gledeleg at det no er utvikla eit fellesprosjekt slik at barn, kvinner og familiar i tre kommunar kan ta del. Eg ser fram til at mellom anna ordførarkollegaene mine prøver å vinna røynsler som JordmorHeim-bestefar eller mor, sa ordføraren med eit glimt i auga.

Ho sa vidare at det er gledeleg at det no er utvikla eit fellesprosjekt slik at barn, kvinner og familiar i tre kommunar no kan ta del. I tilbodet ligg det no også ei vaktordning som Helse Bergen finansierer og som skapar ekstra tryggleik.

Ordførar i Øygarden, Otto Harkestad, erkjente at han er framand for dette faget, men gav uttrykk for stor gleda over dette prosjektet.

Frå markeringa i dag.

Frå markeringa i dag.

Heiar fram prosjektet

– Eg er veldig fornøgd med Fjell kommune når det gjeld samhandlingstiltak. Det er eit godt jordmor-tilbod i Øygarden i dag, men vi ønskjer å vera med på dette og heia fram dette regionale prosjektet, sa Harkestad.

Kommunalsjef i Sund, Marita Hilleren, helsa på vegner av Sund kommune. Ho viste til frå eiga erfaring der ein gjerne låg inntil fem dagar på sjukehuset ved fødsel.

– Med dette prosjektet går vi i grunnen tilbake til jordmor-ordninga i gamle dagar i positiv forstand. Eg har stor tru på prosjektet, sa Hilleren.

Prosjektleiar Martha Svarstad Vadseth takka alle som har bidrege til at prosjektet er vorte ein realitét og orienterte om det faglege innhaldet i tiltaket.

– Dette vert eit nyttig og framtidsretta tilbod for familiane i Sund, Fjell og Øygarden. Det vert oppfølging av jordmor heime eller på ein jordmorbase på Straume helsestasjon. Målet er å få trygge og nøgde brukarar, sa Svarstad Vadset.

Les meir om prosjektet her.

Tekst: Vigleik Brekke, foto: Monica Hovland

publisert 18.11.2014