Mange talent viste seg fram

Mange unge talent viste seg fram i Fjell rådhus på Ungdommens KulturMønstring 2012 (UKM) laurdag kveld. I løpet av det store arrangementet var 180 ungdomar på scena.

Rutha Sangolt, Sund

Interessa for UKM i år var så stor at arrangementet i måtte framskundast i to timar, og vart avslutta etter ni og ein halv time med sceneinnslag. Det var Askøy, Fjell, Sund og Øygarden som stod saman om UKM.

Kulturskulesjef i Fjell, Bjørn Andersen, er godt nøgd med arrangementet.

– Kvaliteten på innslaga var i år høg, noko som gjorde sitt til at juryen hadde ei vanskeleg oppgåve med å plukka ut kven som skulle gå vidare til fylkesmønstringa. Eg vil på vegner av Fjell kommune, som hovudarrangør, retta ei stor takk til kommunane Askøy, Sund og Øygarden. Utan samarbeid med desse tre kommunane hadde ikkje arrangementet vorte så vellukka. Eg vil også takka alle som jobba for oss på sjølve dagane, slik at deltakarane fekk ein god UKM-dag, seier Bjørn Andersen.

Frå den flotte og kreative kunstpresentasjonen

Mellom klokka 12.00 og 21.30 framførte 180 ungdomar nesten 100 innslag. Oppslutnaden har stige med 50 prosent frå 2011 til 2012. Arrangementet i Fjell var pr. dato det klart største i Hordaland dette året. Frå Fjell er det 80 deltakarar med 37 innslag.

Dette er ikkje ein konkurranse. Juryen plukkar ut dei som går vidare og representerer heimkommunane sine på fylkesmønstringa 14. april.  Juryen såg særleg på originalitet, kreativitet, publikumskontakt og kvalitet. Deltakarane fekk visa fram talentet sitt i ei profesjonell ramme.

– Kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden har valt å samarbeida om UKM. Dette har gjeve høg kvalitet på programmet. Den store interessa viser igjen på deltakinga og viser at alle fire kommunane har fokus på kulturarbeid blant unge, sa fjellordførar Eli Årdal Berland då ho opna arrangementet.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 29.01.2012