Lyser ut prosjektleiarstilling

Det vert lyst ut ledig stilling som prosjektleiar for barnevernprosjektet i region vest, «Betre vern av barn». Prosjektet er retta inn mot barnevern og heilskapleg arbeid med barn og ungdom.

Dette er eit samarbeid mellom kommunane i region vest, Helse Bergen og Bufetat. Moment som vert vektlagt i utlysinga av stillinga, er gjennomføringsevne, engasjement, realasjonskompetanse og strukturert arbeidsstil. Prosjektet varer fram til 31.12.2013.

Prosjektleiar regionrådet

publisert 04.03.2011