Legg strategi for ny vidaregåande skule

 

I den vedtekne skulebruksplanen for fylkeskommunen går det fram at det skal byggjast ny vidaregåande skule på Straume/Bildøyna.

I den vedtekne skulebruksplanen for fylkeskommunen går det fram at det skal byggjast ny vidaregåande skule på Straume/Bildøyna.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Regionrådet Vest ønskjer tett dialog med Hordaland fylkeskommune for å få realisert ny vidaregåande skule i Sotra Kystby. På styremøtet i Fjell på måndag orienterte Sigmund Kvernes i Gode Sirklar og Tone Merethe Aasen (SINTEF) om status for kunnskapsklusterprosjektet i Sotra Kystby.

I den vedtekne skulebruksplanen til Hordaland fylkeskommune går det fram at det skal etablerast ein ny Sotra vidaregåande skule i kollektivknutepunktet Straume/Bildøyna og at Sotra vidaregåande skule, avdeling Sund, vert avvikla og erstatta av ny skule på Straume/Bildøyna.

Det hastar med å få fullført prosjektet, og fram til neste styremøte i regionrådet den 21. august skal rådmennene i dei tre kommunane (Sund, Fjell og Øygarden) i samarbeid med Gode Sirklar leggja fram ei sak om kunnskapsklusteret.

– Vi har full fokus på å få realisert ny vidaregåande skule i samsvar med den vedtekne skulebruksplanen og at vi ikkje må tapa tid når det gjeld realisering av ny skule. Målet er at ein ny skule vert kopla opp mot næringsutvikling og eit nytt høgskuletilbod i området. Det er viktig å sikra store nok areal til dette, seier styreleiar i Regionrådet Vest, øygarden-ordførar Børge Haugetun.

Det vidare arbeidet med kunnskapskluster-prosjektet treng finansiering. Det er aktuelt å søkja om støtte frå fylkeskommunen til prosjektet. Det vert også vurdert om det kan løyvast pengar frå kommunane og eventuelt med «kommunereformpengar». I intensjonsavtalen for den nye kommunen går det fram at «det er ein ambisjon om å få etablert ei kunnskapsklynge innan aktuelle næringar. Det skal jobbast med å få etablert ein ny vidaregåande skule i kombinasjon med høgskuleutdanning, til erstatning for den vidaregåande skulen på Bildøy.»

 

Børge Haugetun

Børge Haugetun

-Dette arbeidet er dermed forankra i intensjonsavtalen for den nye kommune. Me er opptekne av å arbeida i tett dialog med fylkeskommunen gjennom fylkesdirektøren for opplæring og regionalavdelinga. Vi ønskjer ikkje at dette prosjektet skal oppfattast som eit prosjekt på sida av planane til fylket, seier Haugetun.

Tilskot til vegar og digitaliseringstiltak

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har sett av 150 millionar kroner til vegar og digitaliseringstiltak. Fristen for å søkja om slike midlar er 1. juni. Styret i regionrådet vil i første omgang søkja om å få utsett denne fristen med to veker. Dersom søknaden om utsetjing vert innvilga, søkjer regionrådet om fire millionar kroner til prosjektering av vegsambanda mellom Kolltveit-Austefjorden og Kolltveit-Ågotnes. I tillegg vert det søkt om eín million kroner til digitaliseringsprosjekt.

Status for Bergen Reiselivslag

Styreleiar i Gode Sirklar, Tom Georg Indrevik, orienterte om status for Bergen Reiselivslag. Dei tre kommunane i regionen har underteikna ein samarbeidsavtale med Bergen Reiselivslag. Organisasjonen skal vera ein felles ressurs for reislivsnæringa i dei tre kommunane i vest og kommunane i Nordhordland, i denne samanhengen definert som Region Bergen. Det er avklart at region vest og region Nordhordland deler på eín styrerepresentant i Bergen Reiselivslag. Region vest får fast styremedlem dei to første åra, medan Nordhordland får vararepresentant. Etter to år vert dette forholdet bytta om ved at Nordhordland får fast styrerepresentasjon, medan region vest får varaplass i styret.

Referatsaker/orienteringar

Til møtet i regionrådet låg det mellom anna føre orientering om tildeling av skjønsmidlar frå Fylkesmannen og brev til Kulturdepartementet om lokalisering av Språkrådet.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 29.05.2017