Kurs om vald/overgrep mot barn

Tverrfagleg konsultasjonsteam vald/overgrep i Fjell kommune inviterer til kurs om «Korleis møta barn som gjer oss bekymra knytt til vald og seksuelle overgrep.

Gro Berge (til venstre) og Siv Anne Waage

Gro Berge (til venstre) og Siv Anne Waage

Kurset vert halde i Fjell rådhus, kultursalen, tysdag 10. februar og er gratis. Du kan velja mellom to tidspunkt for delta på kurset; klokka 09.00-11.30 eller 12.00-14.30. Det er framleis ledige plassar. Fristen for å melda seg på er 9. februar.

Deltakarar frå både Fjell, Sund og Øygarden er velkomne på kurset. Målgruppa er personar som arbeider med barn, frå personell på legevakt til skule og barnehage, eller har frivillig engasjement for barn i speidargrupper, idrett og anna frivillig organisasjonsarbeid.

Siv Anne Waage frå rettleiarteamet for barnehage og kommunepsykolog Gro Berge er ansvarlege for kurset som Fjell kommune har arrangert i fleire år.

– Det er vårt ønske at fagfolk skal verta betre til å sjå barna. Vi har alle ei forplikting til å seia frå om det kan vera mistanke om eit barn er utsett for vald og overgrep, seier Siv Anne Waage.

Konsultasjonsteamet

Konsultasjonsteamet i Fjell stiller seg til rådvelde for alle dei tre kommunane i regionen.

– Vi kan verta meir frimodige til å ta kontakt dersom ein har ei «magekjensle» om vald og overgrep. Med dette kurset ønskjer vi også å gjera kjent korleis konsultasjonsteamet arbeider, seier Gro Berge.

I tillegg til presentasjon av teamet, skal Asta T. Helland frå politiet, saman med Laila Grønn-Jensen frå barnevernstenesta i Fjell snakka om avdekkjande samtalar med barnet. Psykolog Liv Astrid Husby frå BUP Øyane og kommunepsykolog Gro Berge skal mellom anna snakka om praktiske tiltak kring barnet og korleis ein skal ta hand om barnet i kvardagen.

Her kan du lesa heile kursprogrammet for dagen og
her er info om konsultasjonsteamet_vold_overgrep.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 02.02.2015