Kultur for 2,4 milliardar

Kunst- og kulturnæringa i Hordaland skapar verdiar for 2,4 milliardar kroner.

Ein fersk analyse viser at store kulturarrangement som konsertane på Koengen, Festspillene og alle revyane er motorane for ei samla kulturnæring som generer store verdiar.

Analysen, som er gjennomført av Kultur Vest, Bergen Næringsråd, Bergen Reiselivslag og Business Region Bergen, viser at fire tusen personar i fylket jobbar i denne sektoren i vel 1 300 føretak.

«Sentralisert kultur»

 Analysen viser også at kunst- og kultursektoren er sterkt geografisk sentralisert. Bergen utgjer vel 50 prosent av innbyggjartalet i fylket, medan over 70 prosent av føretaka i kunst- og kultursektoren er lokalisert i Bergen. Undersøkinga viser at 3,3 prosent av føretaka er lokalisert i Askøy kommune, 2,6 prosent i Fjell og 0,7 prosent i kommunane Sund og Øygarden.

I analysen er det også oversyn over kor mykje kommunane brukar til kultur pr. innbyggjar. Her er det Modalen og Eidfjord som toppar lista med 9,7 og 8,3 prosent. Av kommunane i region vest har Øygarden sett av 2,7 prosent av budsjettet til kultur, medan Fjell har sett av 2,5 prosent. Askøy står oppført med 1,6 prosent og Sund med 1,5 prosent av kommunebudsjettet til kultur.

I analysen vert det vist til at små kommunar gjerne brukar meir pengar på kultur pr. innbyggjar ettersom basiskostnadene må spreiast på færre personar. Det er også gjerne slik at så lenge kulturtilbod er tilgjengleg i ein nærliggjande storby, vert kultur prioritert lågare enn for kommunar i lengre avstand til kulturtilboda i byen.

Tekst: Vigleik Brekke

publisert 08.03.2013