Koordinerer satsinga på reiseliv

Samarbeid om reiseliv var eit sentralt tema på styremøtet i Regionrådet Vest i Fjell i dag.

Christen Møvik Olsen orienterte om reiselivssatsing knytt til Sykkel-VM.

Christel Møvik Olsen orienterte om reiselivssatsing knytt til Sykkel-VM.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sigmund Kvernes i Gode Sirklar orienterte om felles reiselivssatsing i «Nye Bergen Reiselivslag», medan kulturleiar i Øygarden kommune, Christel Møvik Olsen orienterte om reiselivssatsinga i samband med Sykkel-VM 2017.
I samband med Sykkel-VM har Øygarden kommune teke initiativ til og finansiert eit forprosjekt som er gjennomført av Gode Sirklar. Målet er å finna grunnlag for særskilt satsing på utnytting av Sykkel-VM og korleis dette kan styrkja reiselivsnæringa i regionen på kort og lengre sikt.

Det er viktig å sikra god informasjonsflyt, unngå overlapping, sikra forankring og få til optimal ressursbruk. Etter eit arbeidsmøte i vår, er det semje om at fylkeskommunen kan ta ei koordinerande rolle på systemnivå (mellom anna levering av kompetanseheving). I arbeidet framover skal eit forprosjekt ha mål om å konkretisera ambisjonar og samarbeidsnivå. Innan oktober i år vert det arbeidd med forprosjektet Kystopplevelser, medan hovudprosjektet vil gå føre seg frå januar 2017.

«Nye Bergen Reiselivslag»

Sigmund Kvernes orienterte om «Nye Bergen Reiselivslag» som er eit resultat av arbeidet til ei arbeidsgruppe samansett av representantar frå Bergen Reiselivslag, Region Nordhordland, region vest (Gode Sirklar) og Kysteventyret. Med det nye samarbeidet stiller Bergen Reiselivslag ressursar på over 20 tilsette i tillegg til at eit halvt årsverk skal særleg arbeid med marknadsføring mot målgrupper. Det vert også ei dedikert stilling (førebels kalla «Kystminister») som arbeider med produktutvikling av betre og nye reiselivsprodukt med fokus på kysten. Det er også lagt til grunn eit tett samarbeid med bransjegruppa «Handel og reiseliv» i Vest Næringsråd.

I drøftinga på styremøtet på måndag vart det mellom anna peika på aktuelle satsingsområde innan reiseliv i region vest som marine næringar, krigshistorie, dykking, fisking, klatring, padling og lokalprodusert mat.  Regionen vert representert i styret for «Nye Bergen Reiselivslag». Kommunestyra i Fjell og Øygarden har for sin del vedteke å delta i samarbeidet. Saka kjem om kort tid også opp til behandling i Sund kommunestyre.

Frå styremøtet i Regionrådet Vest i dag. Ståande til venstre, Sigmund Kvernes.

Frå styremøtet i Regionrådet Vest i dag. Ståande til venstre,                                           Sigmund Kvernes.

 

 

Språkforenkling

Styret drøfta spørsmålet om forenkling av språkbruk i kommunane etter at spørsmålet vart reist i Øygarden kommunestyre.  Dette omhandlar både forbetring og forenkling av språket i saksbehandlinga. Styret er positiv til initiativet, og det er aktuelt å følgja det opp etter at spørsmålet om kommunereforma er avklart.

Endring av vedtekter og retningslinjer

Etter at Askøy melde seg ut av Regionrådet Vest med verknad frå januar i år, måtte vedtektene endrast. Styret vedtok å endra vedtektene i samsvar med innstillinga. Endringa er avgrensa til formuleringar om kva kommunar som er med i regionrådet. Det vart også vedteke retningslinjer som er tilpassa tre medlemskommunar. Avsnittet med omtale av Business Region Bergen vert teke ut av retningslinjene.

Skjønsmidlar

Det vart informert om at Fylkesmannen har tildelt totalt 3,45 millionar kroner til fire fornyings- og innovasjonsprosjekt i Fjell, Sund og Øygarden. Alle dei fire prosjekta er eit samarbeid mellom dei tre kommunane. Les meir her. (lenkje til sak på nettsida til regionrådet).

Utsette kystsoneplan

Styret realitetsbehandla ikkje saka om samarbeid i regionen med tanke på å få på plass ei heilskapleg forvaltning av sjøareala. Gode Sirklar har utarbeidd ei skisse til prosjekt. Det er semje om at det er kommunane som skal leia eit slikt samarbeidsprosjekt. Utover denne avklaringa vart saka utsett til neste møte. Då skal ein også sjå saka i lys av arbeidet med felles næringsareal og strandsone.

Under ymseposten vart det orientert om status for Business Region Bergen, status for kommunereforma og planar om lysfest på Fjell festning hausten 2016.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 13.06.2016