Konstruktivt seminar i regionrådet

Styret i Regionrådet Vest hadde nyleg eit seminar med flere aktuelle tema. Styreleiar Olav Martin Vik (ordførar i Øygarden) innleia seminaret med at han var svært godt nøgd med at samarbeidet i regionen hadde fått fleire konkrete
prosjekt. Dette gjorde at medarbeidarar i dei fire kommunane fann saman og skapte resultat. Han trakk særskilt fram samarbeidet innan tilsyn i barnehagar, barnevern og kultursamarbeidet IKKUS. Med på seminaret var også sekretariatet og rådmennene i dei fire kommunane.

     – Samarbeidet må også ha eit høgt fokus på infrastruktur og samferdsle. Regionen har store utfordringar på desse områda. Regionrådet Vest vil allereie i løpet av året ta opp desse og andre spørsmål med næringslivsorganisasjonane, sa Vik.

Han la også vekt på kor viktig det er å forankra rådet sine aktivitetar i dei politiske og administrative miljøa.

Anne Kverneland Bogsnes (fylkesdirektør NAV) gjorde greie for dei resultata som var oppnådd i samband med reforma og utfordringar framover. Framleis står det att ein del arbeid for å få NAV stat og NAV kommune til å fungera til beste for brukarane. Ho synte mellom anna til spørsmålet om éin-leiar prinsippet bør innførast alle stader (éin felles leiar for stat/kommune).

Behov for bustader for aldersgruppa 50+
Agenda Kaupang AS fokuserte på nokre utviklingstrekk i regionen. Alderssamansetning og flyttemønster syner at det

er mange felles trekk, men også skilnader. Tala tyder på at det kan vera et stort behov for bustader for aldersgruppa 50+. Denne gruppa ønskjer ofte å flytta ut av store einebustader og over til leilegheiter/småhus med høg standard. Dette er det lite av i regionen.

Sjefsingeniør i Statens vegvesen, Magnus Natås, orienterte om statusen for dei store veg/samferdsleprosjekta i bergensområdet. Han gav også ein gjennomgang av planprosessane som alle større prosjekt må følgja (standardiserte planprosessar). Dette gav innblikk
i kvifor det kan ta lang tid frå oppstart av ein plan til prosjektet vert realisert.

Dag Thorvaldsen og Vigleik Brekke

publisert 05.10.2010