Kommunestrukturdebatt på Periferikonferansen

Ordførarane i Fjell, Sund og Øygarden er klare for å greia ut framtidig kommunestruktur for å kunne gjera vedtak innan første halvår 2016 slik det er pålegg om. Men debatten på Periferikonferansen i Sund på fredag viste at ikkje alle ordførarane er sikre på at dei tre kommunane i regionen til sjuande og sist vert slått saman til ein ny kommune.

Dei tre ordførarane som deltok i paneldebatten; Kari-Anne Landro (Sund), Åse Gunn Husebø (Øygarden) og Eli Årdal Berland (Fjell).

Dei tre ordførarane som deltok i paneldebatten; Kari-Anne Landro (Sund), Åse Gunn Husebø (Øygarden) og Eli Årdal Berland (Fjell).

Ordførar Eli Årdal Berland (H) var klar på at dei tre kommunane bør slåast saman til ein ny kommune. Ho viste til at Straume er peika ut til å vera eit regionsenter og at dei tre kommunane i regionen er ein felles bu- og arbeidsregion. Ho meinte at ein kan få i stand ein ny robust kommune om ein dreg lasset i lag.

Ordførar i Øygarden, Åse Gunn Husebø (Ap) sa at innbyggjarane i Øygarden er lunkne til kommunesamanslåing.

– Dei er redde for å verta ein utkant. Kommunesamanslåing er ikkje eit «must», sa Husebø. Ho opplyste at formannskapa i Sund og Øygarden nyleg har hatt fellesmøte og sondert om kommunereforma. Dei er samde om å ha ei felles utgreiing og at ein skal lytta til kva innbyggjarane meiner om dette spørsmålet.

Sundordførar Kai-Anne Landro (H) sa at det er umogleg å ta stilling til om det er rett å slå saman kommunane før det er gjennomført utgreiing, men kommunane bør kunna greia ut dette spørsmålet i lag. Sund kommunestyre skal også utgreia eit alternativ med samanslåing med Bergen. Ifølgje Landro er det fleire sundsokningar som arbeider i Bergen enn i Fjell, og felles bu- og arbeidsregion er utover dei tre kommunane Fjell, Sund og Øygarden.

Stortinget har vedteke at i løpet av første halvår 2016 må alle kommunane gjera eit endeleg vedtak om samanslåing eller om ein ikkje vil slå seg saman med andre kommunar.

På Periferifestivalen var det også debatt mellom Helge André Njåstad (FrP), Helga Pedersen (Ap) og Liv Signe Navarsete (Sp). Eit sentralt tema i denne paneldebatten var i kva grad det skal nyttast «tvang» når Stortinget til slutt skal fastsetja kommunekartet.

Nordhordland er i godt gjenge…..

Ordførar i Radøy, Jon Askeland (Sp) orienterte om kommunereformprosessen i Nordhordland. Denne regionen starta arbeidet med ny kommunestruktur allereie i 2010. No vert det gjennomført to utgreiingar i Nordhordland. Den eine med åtte kommunar frå Lindås i sør til Solund i nord. Den andre utgreiinga omfattar dei tre kommunane Meland, Radøy og Lindås. Han meinte at prosessen som er vedteken i Stortinget legg opp til for kort tid til utgreiing og for lang tid frå vedtak til samanslåing. Det er lagt fleire prinsipp til grunn for prosessen. Døme på dette er at det skal byggjast ein NY kommune (ikkje samanslåing), likeverd mellom kommunane og at ein skal byggja på felles identitét og kultur (mellom anna nynorsk som administrasjonsmål). Eit anna prinsipp er at alle ytre einingar skal bestå fram til ein ny samfunsoplan er vedteken av den nye kommunen.

Ole Paus hadde innslag på konferansen og framførte "Mitt lille land".

Ole Paus hadde innslag på konferansen og framførte «Mitt lille land».

Forskar på Danmarks Medie- og Journalisthøjskole, Roger Buch, snakka om erfaringar frå kommunereforma i Danmark. I 2007 vart talet på kommunar i Danmark redusert frå 271 til 98. Buch var kritisk til kommunereformprosessen i Danmark og meinte det var knapt nok positive resultat av reforma der. Det var også innlegg ved adminstrerande direktør i Bergen Næringsråd, Marit Warncke, og kommentator i Bergens Tidende, Hans K. Mjelva.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 23.08.2015