Kommunestruktur: Forhandlingane er i gang

Torsdag og fredag denne veka var 13 politikarar og eit rådmannssekretariat på tre personar samla på Panorama konferansehotell i Sund til det første forhandlingsmøtet om ny kommunestruktur.

Felles forhandlingsutval

Felles forhandlingsutval

Kommunane Sund, Øygarden og Fjell har som mål å utarbeida framlegg til ein intensjonsavtale før påske. Det første forhandlingsmøtet har gått over to dagar. Vidare er det sett opp eit tett program med møte eín dag i veka framover til 3. mars.

Det var ordførar i Sund, Kari-Anne Landro, som ønskte velkomen og leia møtet på torsdag. Frå og med fredag har dei tre forhandlingsutvala leigd inn Trond Wincentsen frå konsulentselskapet Sonat til å vera prosessleiar i forhandlingane.

Etter at dei tre forhandlingsutvala (felles forhandlingsutval (FFU)) venteleg har samla seg om eit utkast til intensjonsavtale  før påske, er det lagt opp til folkemøte i april/mai før kommunestyra i dei tre kommunane tek endeleg stilling til utkastet i juni.

Les meir på nettsida til dei tre kommunane:

Sund kommune

Øygarden kommune

Fjell kommune

 

publisert 05.02.2016