Kommunane innfører felles barnevernsvakt

Alle kommunane i region vest har no vedteke at dei vert med i eit samarbeidet som sikrar barnevernsvakt alle dagar heile året.

Frå Kick off for prosjektet Betre saman for barna på Askøy i mars 2011.

Fram til no har desse kommunane (Askøy, Fjell, Sund og Øygarden) hatt barnevernsvakt i helgane og høgtidene basert på ein avtale med Bergen kommune. Vedtaka i kommunane inneber at det no vert etablert ei vaktordning på kveldstid/nattid (bakvakt) på kvardagar (måndag-fredag).

Ordninga vert ei prøveordning for 2013. Meirutgiftene på det utvida samarbeidet om felles barnevernsvakt vert om lag 700 tusen kroner i året. Dette vert finansiert gjennom øyremerkte styrkingsmidlar for barnevernet i statsbudsjettet for 2013. Ei permanent barnevaktsordning skal utgreiast med tanke på etablering frå og med 2014. Felles barnevernsvakt er eit konkret tiltak i prosjektet Betre saman for barna.

Kommunestruktur

Også spørsmålet om kommunane skal delta i moglegheitsstudie av framtidig kommunestruktur har no vore oppe i alle kommunestyra i region vest.

I Askøy, Fjell og Sund har kommunestyra slutta seg til at det vert sett i gang eit prosjekt om interkommunalt samarbeid og moglegheitsstudie av ulike modellar for kommunestruktur. Øygarden kommune har vedteke å ikkje vera med i det vidare arbeidet med prosjektet, men er invitert til å følgja arbeidet som observatør. Dette vert teke opp på neste møte i Øygarden kommunestyre.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 23.04.2013