Kommunane skal ta stilling til framtida for Gründerparken Vest

Regionrådet Vest drøfta i dag framtida for Gründerparken Vest. Rådet, som er samansett av dei tre ordførarane i regionen, samla seg om at det snarast må utarbeidast eit detaljert budsjettforslag og underlag frå styringsgruppa i gründerparken for søknad om stønad frå kommunane til vidare drift.

Frå opninga av Gründerparken Vest 16. mars 2017

Frå opninga av Gründerparken Vest 16. mars 2017

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kommunane skal vurdera eventuell økonomisk stønad til gründerparken i samband med budsjettprosessane som no går føre seg i dei tre kommunane. Regionrådet legg til grunn at føresetnaden for stønad frå kommunane må vera at det i første halvår 2019 vert utarbeidd eit forslag til modell for framtidig finansiering. Dette vert då innspel til fellesnemnda for Nye Øygarden kommune.

Regionrådet seier også i vedtaket at det ser positivt på det å ha eit lokalt gründermiljø, men ser at det må gjerast eit arbeid for å koma fram til ein permanent modell for ein lokal gründerpark.

Treng midlar for vidare drift

Kommunane har fram til nå løyvd midlar over to år til gründerparken. Til møtet i Regionrådet Vest låg det føre protokoll frå styret i Gode Sirklar den 10. september. Der vert det rådd til at Gründerparken Vest vert vidareført og vidareutvikla med støtte frå kommunane Sund, Fjell og Øygarden med 1,5 millionar kroner. Det heiter vidare at samarbeidsavtalen for gründerparken vert revidert, der Gode Sirklar AS og Vest Næringsrådet sine oppgåve vert reviderte i samsvar med ein ny driftsmodell. Noverande samarbeidsavtale mellom Gode Sirklar AS, Sartor Storsenter og Vest Næringsråd går ut ved komande årsskifte.

Leiar i styringsgrulla for gründerparken, Atle Dåvøy, orienterte om status og planar for parken.

Leiar i styringsgruppa for gründerparken, Atle Dåvøy, orienterte om status og planar for parken.

I saksutgreiinga til regionrådet går det fram at det er mogleg å vidareføra parken ved å mellom anna samarbeida med Nyskapingsparken BTO. Det er ønske om å flytta gründerparken frå noverande lokale på Sartor Storsenter til Straume Teknologisenter i Straume Næringspark. Det er føreslått ein ny driftsmodell der Vest Næringsråd er prosjektansvarleg for gründerparken, men at det vert lagt opp til eit klarare skilje mellom drift av Vest Næringsråd og Gründerparken Vest.

 Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 17.09.2018