Klart for nytt UKM

Laurdag 7. februar er kultursalen i Fjell rådhus rigga for Ungdommens kulturmønstring 2015.

UKM 2012

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Om knappe tre veker går påmeldingsfristen ut, og difor er tida inne for å melda seg på mønstringa.
Du kan melda deg på her.

I 2015 er det 30 år sidan det første UKM vart arrangert. Dette er den største ungdomsmønstringa i Noreg, og i år er det 10 kategoriar å velja mellom. UKM-arrangementet i Fjell er for ungdom frå Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.

Her er kategoriane:
• Film
• Utstilling
• Musikk
• Dans
• Teater
• Litteratur
• Annet på scenen
• Nettredaksjon / Videoproduksjon
• Arrangør
• Sceneteknikk

publisert 06.01.2015