Klarsignal for nytt samhandlingsprosjekt

Alle dei fire samarbeidskommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden har no gjeve klarsignal for samhandlingsprosjektet lindrande eining (palliativ eining) på Askøy.

Saka og rapporten om prosjektet har vore til behandling i kommunestyret i alle kommunane i mai og juni.

Dette tilbodet er eit nytt samhandlingsprosjekt mellom Helse Bergen og dei fire samarbeidskommunane. Avdelinga er lokalisert på Kleppestø sykehjem på Askøy.

Planlagt oppstart for prosjektet er våren 2012. Også Kreftforeningen, Kompetansesenter i lindrende behandling og Helse Vest er ein del av samarbeidet. Tilbodet rettar seg mot pasientar med ulækjeleg sjukdom og kort forventa levetid. Dei fleste med behov for lindrande behandling har ein kreftdiagnose.Drifta av ei eining med fire sengeplassar er rekna til å kosta om lag 6,3 millionar kroner pr. år.

Tekst: Vigleik Brekke

publisert 22.06.2011