Klarsignal for barnevernprosjekt

I går (13. april) gav Øygarden kommunestyre klarsignal for at barnevernprosjektet ”Betre saman for barna” vert gjennomført som planlagt. Dermed har alle dei fire samarbeidskommunane, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden, gjeve tilslutnad til å fullføra eit treårig samarbeidsprosjekt.

Torgeir Sæter

Torgeir Sæter

Initiativtakar og kontaktperson mot styringsgruppa for prosjektet, Torgeir Sæter, er glad for at alle kommunane har gjeve klarsignal for å gjennomføra prosjektet.

– Dette betyr at prosjektet er forankra både politisk og hjå dei tilsette og tillitsvalde. Vi har fått gode tilbakemeldingar i alle dei fire kommunane, og no har vi den plattforma vi treng for å gå vidare, seie Sæter.

Om kort tid vert det tilsett prosjektleiar for hovudprosjektet for treårsperioden fram til 2013. Det er førebels uvisst kor mykje eksterne midlar prosjektet vil få. Det har mellom anna vore møte med Barne- , likestillings- og inkluderingsdepartementet, og det er venta svar på søknaden om økonomisk støtte i løpet av dette halvåret. I løpet av hausten 2011 skal fleire arbeidsgrupper presentera konkrete forslag til tiltak.

Tidleg hjelp

Sentrale mål for prosjektet er å sikra barnet sin rett til hjelp og gje tidleg, rask og rett hjelp gjennom å forskýva ressursar og innsats. Barnevernet skal ha eit samla og heilskapleg ansvar for tenesteytinga. Det er aktuelt å sjå på alternative karrierestigar og samordna kompetansen i dei fire kommunane som til saman har nærare 60 tusen innbyggjarar. Målet er mellom anna å utnytta kvar kommune sin styrke i barnevernet på ein betre måte enn tilfellet er i dag.
Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 14.04.2011