Klar for samordna barnehagetilsyn

     – Ho er av dei få som kan tolka lovtekst med entusiasme. Det seier kommunalsjef i Øygarden, Øyvind Strandheim, om rådgjevar og kurshaldar hjå Fylkesmannen, Mariann Svege.

Frå venstre: Barnehagekonsulent i Sund, Anne Britt Fanekrog, konsulent i Fjell Anne-Grethe Aase Eide, kommunalsjef i Øygarden Øyvind Strandheim, rådgjevar hjå Fylkesmannen Mariann Svege og pedagogisk konsulent i Askøy, Betty Føli

 

Denne veka eit 20-tals barnehagefolk samla i Fjell på kurs i regi av Fylkesmannen. Dei fire kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden er om kort tid klar for å setja i verk den interkommunale planen for tilsyn av barnehagar i region vest. Tidlegare var tilsyn eit delt ansvar mellom Fylkesmannen og kommunen, men frå 2006 har kommunane sjølv gjennomført slikt tilsyn.

I kommunane Askøy og Fjell er det oppretta fire tilsynspar, medan det er oppretta to tilsynspar i kvar av kommunane Sund og Øygarden. Med dette samarbeidet sikrar ein at det ikkje er personar frå eigen kommune som gjennomfører tilsyn i barnehagane.

     – Dette vil sikra eit uhilda tilsyn og større kompetanse i den

Rundt 20 personar var samla til kurs i Fjell 08.09

einskilde kommune. Barnehagane har vore i stor endring dei siste åra og langt fleire nyttar seg av tilbodet, og ei
samordning som dette vera til stor hjelp for den einskilde kommune, seier medlemene i arbeidsgruppa.

Tilsynet skal primært utførast for å kontrollera at barnehagen vert driven i samsvar med lovar, føreskrifter og
kommunale vedtak. Døme på tilsynsområde og tema kan vera om barnehagen følgjer rammeplanen for barnehagar i høve til innhald og fagområdet eller at barnehagen har tilstrekkeleg grunnbemanning i høve til heile plassar.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 09.09.2010