Oppstart av Vekstlandet

Onsdag 20. mars er det klart for oppstart av det Norges største rekrutteringskampanje.

Business Region Bergen er ein av dei sentrale aktørane i denne omfattande rekrutteringskampanjen under namnet Vekstlandet. Nettsida www.vekstlandet.no vert også opna i dag onsdag.

I løpet av 2013 skal det tilsetjast 32 tusen personar i verksemder i bergensregionen. For dekka det store behovet, treng regionen dyktige menneske, både fagutdanna og høgt utdanna.

For å nå målgruppa, vert det markert at Linkedin vert ein viktig kanal for å rekruttera arbeidstakarar til alle jobbane i regionen.

– Vi brukar fleire av dei sosiale media for å nå ut til målgruppa som er dei mellom 23 og 35 år. Vi har stor tru på målretta informasjon og å bruka dei kanalane der målgruppa er. Difor er vi også på Facebook og Twitter, seier marknadssjef i Business Region Bergen, Tobby Sander Tomassen.

Dei fire kommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden, er medeigar i Business Region Bergen.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 20.03.2013