Hjelp til god forvaltning

– Vi ønskjer å gje skuleleiarane hjelp til god forvaltning i kvardagen. På skuleleiarsamlinga i sist veke handla det om forvaltning. Andre gonger tek vi opp tema knytt til pedagogikk eller juss, seier fagsjef for skule i Askøy kommune, Åge Rosnes om fellessamlingane skuleleiarane har i regionen.

 Ressursteamleiar på Kleppstø ungdomsskule, Karen Wollberg, i samtale med fagsjef for skule i Askøy kommune, Åge Rosnes.


Ressursteamleiar på Kleppstø ungdomsskule, Karen Wollberg, i samtale med fagsjef for skule i Askøy kommune, Åge Rosnes.

Saman med skulesjef Wilhelm Anglevik ønskte han velkomen til skuleleiarsamling for Askøy, Fjell, Sund og Øygarden i dag. 120 skuleleiarar var samla i Fjell rådhus for å lytta til seniorrådgjevar og jurist i utdanningsavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland, Johan Sverre Rivertz. Skuleleiarane må fatta vedtak i ulike saker. Døme på dette er spesialundervisning, bortvising, permisjon og skulemiljø.

Rivertz starta med å visa til grunnprinsippa i forvaltningsretten. Forvaltninga kan gje plikter utan samtykkje. Staten har myndigheit til å styra over oss.

– Likevel har inngrep i mennesket sitt liv avgrensing. Vi kan ikkje påleggja nokon meir enn det som er akseptert i vår kultur, sa Rivertz.

Fellestenesters og grunnleggjande velferd

Seniorrådgjevar Johan Sverre Rivertz

Seniorrådgjevar Johan Sverre Rivertz

Andre oppgåver til forvaltninga er fellestenester og å sikra grunnleggjande velferd. I forvaltninga har ein fysiske, normative, økonomiske og pedagogiske verkemiddel.

– Det er viktig å visa «forholdsmessighet». Vi skal ikkje gripa inn hardare enn nødvendig. Inngrepet må vera eigna til å nå målet. Vi må stilla spørsmål om vi kan nå målet på annan måte, og vi må ta ei veging av ulemper og fordelar, sa Johan Sverre Rivertz.

I løpet av skuleleiarsamlinga i dag var det også innføring i forvaltning av enkeltvedtak og klagesaker.

120 skuleleiarar frå region vest var samla i Fjell i dag.

120 skuleleiarar frå region vest var samla i Fjell i dag.

Skuleleleiarsamlinga er eit resultat av samarbeid mellom skulesjefane regionen.

– Dei fire kommunane i vest har etablert kursregion Midthordland vest. Skulesjefane samlast tre gonger i halvåret for diskutera felles utfordringar, seier Askøy kommune, Åge Rosnes.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 09.09.2014