Historisk vedtak om å danna ny kommune

Den 20. juni vedtok kommunestyra i Fjell, Sund og Øygarden at dei vil danna ein ny kommune i regionen med verknad frå 2020.

Frå kommunestyremøtet i Øygarden den 20. juni.

Frå kommunestyremøtet i Øygarden den 20. juni.

I Øygarden vart vedtaket gjort med 15 mot åtte røyster (Arbeidarpartiet, SV og ein representant frå Tverrpolitisk valliste for Øygarden. I Sund var det Senterpartiet sine to representantar og ein representant frå Arbeidarpartiet som røysta imot. I Fjell kommunestyre vart vedtaket gjort samrøystes.

– Eg trur at ein ny kommune vil vera framtidsretta og vil løysa dei utfordringane vi står overfor. Det har vore ein lang og god debatt, og det har ikkje vore noko enkelt val.

Dette sa ordførar i Øygarden då han mot slutten av kommunestyremøtet oppsummerte debatten.

Les meir på nettsida til Vår nye kommune.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Ingunn Teigen

publisert 04.07.2016