Historisk kulturmøte i vest

For første gong har kulturadministrasjonen i kommunane i vest samla seg for å drøfta kultursamarbeid mellom kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. På IKKUS-seminaret på Herdla måndag og tysdag denne veka var rundt 30 kulturfolk samla. IKKUS står for Interkommunalt kultursamarbeid.

Styringsgruppa for IKKUS. Frå venstre: Lennart Fjell (kultursjef i Fjell), Laila Klementsaune (kultursjef i Sund), Gunnar Brynjulfsen (kultursjef i Askøy), Bernt Hjørnevik (kulturleiar i Øygarden) og Hege Westgaard (prosjektkoordinator)

     – Dette skal ikkje verta ei kulturboble. Tvert om skal det verta noko av dette!

Det var ein av konklusjonane til kultursjef i Fjell, Lennart Fjell, under oppsummeringa tysdag ettermiddag.

Kulturleiarane/kultursjefane i dei fire kommunane og prosjektkoordinator Hege Westgaard utgjer styringsgruppa som skal leia kultursamarbeidet i region vest vidare. Medlemene i styringsgruppa gjev uttrykk for at dei ulike kommunane sit inne med god kompetanse på nokre område, samstundes som dei kan læra av nabokommunane på andre område.

Har søkt om prosjektmidlar
På seminaret var det presentasjon av kulturarbeidet i den einskilde kommune og arbeid for deltakarane i grupper. På bakgrunn av denne samlinga skal det utarbeidast ein rapport som alle seminardeltakarane kan gje innspel til før rapparten vert eit ferdig dokument.

Det er allereie sendt søknad til fylkeskommunen om KUP-midlar (KUP: Kulturelt uviklingsprogram) til eit eittårig prosjekt og seinare eit tre-årig prosjekt som for alvor realiserer kultursamarbeidet mellom dei tre kommunane i vest. Arbeidet skal skje i dialog med det nyoppretta Regionrådet Vest.

Seminaret vart halde i den gamle kommunestyresalen til Herdla kommune i Herdlevågen Gjestehus

Etter «Bli-kjent-samlinga» denne veka skal det altså utarbeidast ein rapport som gjev grunnlag for det vidare arbeidet. I løpet av den første prosjektperioden på eitt år skal ein mellom anna ha klart kva samarbeidsmodellar som er aktuelle. Styringsgruppa lovar at om eitt år er ein langt meir konkret om kultursamarbeidet enn tilfellet er etter den første samlinga.

Tekst/foto: Vigleik Brekke

publisert 15.09.2010