Historisk avtale om barnevernsamarbeid

I dag underteikna Bufetat og 19 kommunar i Hordaland med ordførarane i spissen ein historisk samhandlingsavtale om barnvern. Det er KS Hordaland som har vore koordinator for gruppa som har arbeidd fram avtalen.

Borghild Lekve (Bufetat) og sundordførar Ove Bernt Trellevik

– Dette er den alle første avtalen som er inngått når det gjeld samhandling mellom det statlege og det kommunale barnevernet. Kommunane og staten er avhengige av kvarandre i dette arbeidet, sa rådgjevar i KS, Anne Jensen då ordførarane og andre kommunetoppar var samla til høgtidleg underskiftseremoni på Hotel Grand Terminus i dag.

Skal sikra eit godt samarbeid om barnevernet

Formålet med denne overordna avtalen er å skapa eit godt og ryddig samarbeid mellom det statlege (Bufetat) og det kommunale barnevernet. Avtalen skal hjelpa til at barnevernet saman tilbyr barn og familiane deira rett hjelp til rett tid. Han skal også sikra at partane får felles forståing av rollene og oppgåvene for kvar einskild eining og kva forventingar dei kan ha til kvarandre.

Som ein del av samarbeidet mellom Bufetat og dei 19 kommunane i bergensområdet, Nordhordland og  Hardanger, vert det lagt opp til eit årleg toppleiarmøte mellom den politiske og administrative toppleiinga i kommunane, leiinga i Bufetat og KS. Dette skal sikra forankring og etterleving av den overordna samarbeidsavtalen.

Pilotprosjekt

Det var Radøy-ordførar Jon Askeland som overfor KS Hordaland i 2009 tok opp sak om barnevernet hausten 2009. Etter kvart har snøballen rulla fort. Ei arbeidsgruppe med representantar frå kommunane, Bufetat og KS kunne i dag leggja fram avtalen for underteikning.

– Dette er ein lagsiger, og dette er noko alle vil. Det var lett får tverrpolitisk semje om dette, og no vert barnevernet politisk lagt merke til, sa Jon Askeland på samlinga i dag.

Regiondirektør i Bufetat region vest, Borghild Lekve, sa at dette er eit pilotprosjekt som gjev føring for liknande avtalar i føretaksområda Fonna, Førde og Stavanger. Ho sa at det har vore utfordringar i samhandlinga mellom det statlege og kommunale barnevernet.

Likeverd og respekt

Arbeidsgruppa. Frå venstre: Jon Askeland (ordførar Radøy kommune), Astrid Toft (dagleg leiar KS Hordaland), Tove Helleland (sosialsjef Fjell), Hilde Baardsen (Bufetat), Sigrid Bakken (Bufetat), Thore Austnes (Samnanger). I tillegg har Margrete Røkkum (Bergen) vore med i arbeidsgruppa

– Denne avtalen byggjer på likeverd og respekt. Dei fleste oppgåvene i barnevernet vert uført i kommunane, og denne avtalen er eit godt utgangspunkt for betre samarbeid, sa Lekve.

SV-politikar i Bergen, Oddny Miljeteig, har alltid vore oppteken av barnevernspolitikk. Ho sa at denne dagen var ein milepæl for barnevernet.
– Det er symbolsk sterkt at det er ordførarane som skriv under på denne avtalen, sa Miljeteig.

Dagleg leiar i KS Hordaland,Astrid Toft, har koordinert arbeidet med avtalen.

– Det har vore ein svært god dialog, og arbeidet med samhandlingsavtalen har gått utruleg greitt. Resultatet er godt forankra både fagleg og juridisk, seier Astrid Toft.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 07.04.2011