God oppslutnad om seminar om alkoholhandtering

Rundt 60 deltakarar var på plass i kultursalen på torsdag på temaseminar om ansvarleg alkoholhandtering.

Frå seminaret på torsdag.

Frå seminaret på torsdag.

På seminaret var det representantar frå bransjen, næringslivet, Fylkesmannen, Securitas, KoRus/Bergensklinikkene, politiet og dei fire kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.

Fleire av dei som hadde ordet viste til formålsparagrafen (paragraf 1) i alkohollova om at målet er å avgrensa i dei samfunnsmessige og individuelle skadane som alkohol kan føra til og at lova tek sikte på å avgrensa forbruket av alkoholhaldige drikkevarer.

Lensmann Helge Stave sa at ein del kriminalitet er direkte knytt til alkohol og at auka alkoholbruk kan vera ein kriminalitetsdrivar. Ifølgje politiet er det ikkje store problem knytt til alkoholbruk på Straume og Ågotnes. Politioverbetjent Per Algrøy sa at politiet ikkje ønskjer at ein her ute skal få slike tilstander som det er i Bergen sentrum natt til laurdag og sundag. Politiet gav elles uttrykk for at det er eit godt samarbeid med aktørane på senteret på Straume.

Lensmann Helge Stave

Lensmann Helge Stave

Fleire verkemiddel

Seniorrådgjevar hjå Fylkesmannen, Helge Gismarvik Høvik, viste til ei dei verkemidla som kommunen har når det gjeld alkoholhandtering. Han viste til verkemiddel som alkoholpolitisk handlingsplan, eigen praksis ved løyve, vilkår, skjenkekontroll, rettleiing/kompetanseheving og samarbeid med politiet og næringa. Gismarvik Høvik gav også innføring reglar om det nye prikkbelastningssystemet. Bakgrunnen for dei nye reglane er at det har vore ulik praksis i kommunane om handheving av reglane.

Seniorrådgjevar hjå fylkesmannen Grete Riise viste til at alle kommunane skal ha alkoholpolitisk handlingsplan i tillegg til retningslinjer. Øygarden har vedteke slik plan, medan dei andre kommunane er i gang med planarbeidet. Psykologspesialist Erik Iversen i KoRus understreka kor viktig det er med samarbeid mellom aktørane. På seminaret orienterte administrerande direktør i Sartor Holding, Ernst Einarsen, om planane for Sotra Kystby. Tommy Veland i Securitas viste til korleis kontrollørane utførte sine oppgåver.

materiell_450px

På seminaret ptorsdag fekk bransjen koma med sine erfaringar med sal og skjenking av alkohol. Kommunane ønskjer å ha ein god dialog med bransjen, og i samband med arbeidet med alkoholpolitisk handlingsplan vert bransjen invitert til å koma med innspel.

Sølvi Spilde frå Fjell, Oddlaug Hansen frå Sund, Randi Dreyer frå Askøy, Ingunn Teigen frå Øygarden og Monica Mørk frå politiet har vore sentrale i planlegginga og gjennomføringa av seminaret.

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Monica Hovland

publisert 20.11.2015