Fylket og vegkontoret møtte kommunane

– Vi ønskjer å lytta og få innspel til rulleringa av regional transportplan. Planen vert vedteken i løpet av eitt år.

Frå venstre; Hans Rasmussen, Bård Espelid og Børge Haugetun.

Frå venstre; Håkon Rasmussen, Bård Espelid og Børge Haugetun.

Med desse orda innleia fylkesdirektør for samferdsle i Hordaland fylkeskommune, Håkon Rasmussen, møtet mellom fylkeskommunen, Statens vegvesen (avdeling Hordaland) og dei fire kommunane, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden i dag. Kommunane deltok med ordførarane og administrasjon med rådmennene i spissen. Både avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Olav Finne, og Rasmussen i fylkeskommunen hadde med seg fleire byråkratar.

Regional transportplan 2018 – 2029 skal synleggjera måla og krava til fylkeskommunen for alle relevante delar av transportsystemet i fylket og vera ein regional strategiplan for transportsektoren i fylket.

Håkon Rasmussen viste til at Hordaland samlar inn store beløp i bompengar ved hjelp av ei rekkje spleiselag og «pakkar». I Hordaland er det tre tusen kilometer fylkesveg, 125 tunnelar med ei samla lengde på 50 kilometer og 1 100 fylkesvegbruer. Det er eit etterslep på vedlikehald på 6,5 milliardar kroner (2013), og dette er naturleg nok ei stor utfordring for fylkeskommunen. Rollefordelinga er slik at fylkeskommunen er eigar og bestillar, medan statens vegvesen er utførar.

Prosjekt i arbeid, under planlegging og sluttført

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Olav Finne, viste til både regional transportplan, handlingsprogrammet og plan- byggeprogram som viktige reiskapar i å få realisert fylkesvegprosjekta. Han viste til konkrete vegprosjekt som er under planlegging og i arbeid i dei fire kommunane. Døme på dette er Nautnes bru (fylkesveg 229) i Øygarden som er under planlegging, fylkesveg 209 Storskaret- Arefjordpollen i Fjell som er under utbygging, sluttføring av Klokkarvik kai (fv 556) og sluttføring av Strusshamnkrysset (fv 562) og Askøypakken på Askøy.

Olav Finne

Olav Finne

– Statens vegvesen utarbeider fagleg grunnlag for prioriteringar. Ei av dei største utfordringane for Statens vegvesen er vedlikehald av tunnelar, sa Olav Finne.

Standarden varierer mykje og den teknologiske utviklinga set nye krav. Andre vedlikehaldsoppgåver framover gjeld bruer, ferjekaiar, vegdekke og utfordringar knytt til ras og flaum. Marte Hagen Eriksrud i samferdsleavdelinga i fylkeskommunen orienterte om regional transportplan. Kommunane kan medverka utforminga av planen med kommunedialog, deltaking i administrativ prosjektgruppe og i høyringa av planprogram og planforslag. Målet er at planen vert vedteken i fylkestinget i juni 2017.

Prioriterte prosjekt i kommunane

Ordførarane fekk høve til å lista opp prioriterte fylkesprosjekt. Sotrasambandet vart naturleg nok nemnt i denne samanhengen sjølv om dette ikkje er eit fylkesvegprosjekt. I Fjell, Sund og Øygarden er det full semje om at vegprosjekta Kolltveit-Ågotnes og Kolltveit- Austefjorden skal ha topp prioritét. Dei tok også opp spørsmålet om kva som er tenleg og realistisk vegstandard på desse to vegprosjekta.

Varaordførar i Askøy, Bård Espelid, viste til at Askøy etter prognosane har 50 tusen innbyggjarar i 2050. Mellom prioriterte prosjekt på Askøy er stamnett sør/nord, fjordbybane, kollektivtransport, gang- og sykkelvegar, tverrsambandet (Askøy/Nordhordland), parkering og stamvegnett. Ifølgje Espelid svarar ikkje Askøypakken på Askøy sine langsiktige transportutfordringar. Det kan verta aktuelt å vurdera ein Askøypakke 2.

Ved bordet; Sund-ordførar Kari-Anne Landro, ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy og rådmann i Øygarden, Siri Fahlvik Pettersen.

Ved bordet; Sund-ordførar Kari-Anne Landro, ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy og rådmann i Øygarden, Siri Fahlvik Pettersen.

Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy viste til at Fjell kommune har vedteke fem reguleringsplanar for fylkesvegar i Fjell. «Vestsidevegen» (Ågotnes-Møvik) er nokre stader svært smal, og det er eit sterkt behov for punktutbetring tre – fire stader på deg vegstrekninga. Andre prioriterte prosjekt i Fjell er strekninga Straume-Foldnes, innfartsparkering,  kollektivtransport og samanhengen mellom kollektivtransport og innfartsparkering.

På same måte som dei andre ordførarane understreka ordførar i Sund, Kari-Anne Landro, behovet for nord/sør-vegsamband på Sotra, men minna også om at strekninga Eide – Austefjorden er viktig å prioritera. Andre prioriterte vegprosjekt/strekningar i Sund er Skogsskiftet-Eide, Tofterøybrua, kollektivtransport og punkturbetring på vegstrekningar. Sund kommune har i mange år arbeidd med å få realisert fastlandssamband for Bjelkarøy og Lerøy. Det er dialog med Bergen kommune om dette, og bruk av ferjeavløysingsmidlar er aktuelt.

Øygarden-ordførar Børge Haugetun viste til behovet for vegutbetring for fylkesveg 229 Skjold-Hellesøy (bl.a. Nautnes bru) og det som vert gjort knytt til infrastruktur for Hernar og transport til Hernar. Sjølv om fylkesveg 555 i Øygarden har god standard fram til Stura, er det ein flaskehals med 90 grader sving ved Dale bru. Haugetun ønskjer avklaring på kva som må gjerast med brua og svingen. Ordføraren ønskjer også avklaring på kva standard ein skal leggja seg på når det gjeld gang- og sykkelveg i området ved Rong senter.

Her er presentasjonane frå møtet:

Håkon Rasmussen: Kommunedialog
Olav Finne: Regional transportplan og aktuelle vegprosjekt
Marte Hagen Eriksrud: Regional transportplan
Bård Espelid: Aktuelle vegprosjekt Askøy

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 05.09.2016