Forskar på frisklivstilbod i region vest

Deltakarane på livsstilskurs i regi av Frisklivs- og meistringssenteret i region vest (Askøy, Fjell, Sund og Øygarden) vert no inviterte til å delta i ei undersøking der tilbodet vert evaluert.
Prosjektleiinga inviterer kursdeltakarar til å vera med på forskingsprogram. Frå venstre; Anita Alvheim, Gro Beate Samdal og Ninva Lunde.

Prosjektleiinga inviterer kursdeltakarar til å vera med på forskingsprogram. Frå venstre; Anita Alvheim, Gro Beate Samdal og Nina Lunde.

Senteret i region vest har allereie gjennomført to livsstilskurs lokalisert i Sotra Arena og turløypene i området. Kursa varer i 12 veker og har fem samlingar med vekt på tema som kosthald, trening og andre levevanar. I tillegg er det trening to gonger i veka.

– Tilbakemeldingane på desse kursa er gode, men vi vil gjerne få meir kunnskap om levevanane og korleis effekten er av livsstilskursa. Difor utfordrar vi deltakarane til å vera med på dette frivillige forskingsprogrammet, seier prosjektleiar for Frisklivs- og meistringssenteret i regionen, Anita Alvheim.

Frisklivs- og meistringssenteret for dei fire kommunane i regionen er blant dei sju sentralane i Rogaland og Hordaland som er plukka ut til å delta forskingsprosjektet. I vårt fylke er frisklivssentralane i Bergen og region vest med på undersøkinga. Forskingsprogrammet vert gjennomført av Universitetet i Bergen og Universitetet i Agder. Studiet skal samanlikna ei gruppe som får frisklivstilbod no i haust og ei gruppe som ventar i seks månader før dei startar med sitt kurs.

Sunn kost høyrer med.

Sunn kost høyrer med.

Loddtrekning

Det første livsstilskurset startar opp i slutten av september (veke 40). For å sikra at undersøkinga skal vera vitskapleg korrekt, vert det loddtrekning om kven som må venta med å vera med på undersøkinga og dei som får vera med på kurset som startar i september. Det er stor interesse for kursa, særleg gjeld dette i Fjell. No er det 6 månadars venteliste for å få plass på livsstilskurset.

– Det er 50 prosent sjanse for å vera med no i haust for dei som takkar ja til å vera med i forskingsprogrammet. Vi ønskjer 25-30 deltakarar frå vår region, seier Anita Alvheim som minner om at deltakarane må verta tilvist frå fastlegen.

Prosjektkoordinator på Universitetet i Bergen, Nina Lunde, skal ha kontakt med alle dei sju frisklivssentralane. PhD-stipendiat Gro Beate Samdal på Universitetet i Bergen tek doktorgrad i temaet «Endringar av levevanar» og er med i prosjektleiinga i dette forskingsprogrammet. Norges forskingsråd har gått inn med åtte millionar kroner til dette ot to andre prosjekt.

Frå tidlegare kurs i Sotra Arena.

Frå tidlegare kurs i Sotra Arena.

Ein del av samhandlingsreforma

– Livsstilskursa er ein følgje av samhandlingsreforma. Kommunane skal gje tilbod som hindrar kroniske sjukdomar som diabetes, hjartesjukdomar, og andre livsstilsrelaterte sjukdomar. Helsedirektoratet ønskjer forsking av effekten av desse tilboda. Dette er viktig samfunnsinformasjon, og det er vår erfaring at det å delta på ei slik studie og få ein god kartlegging av seg sjølve er motiverande for deltakarane, seier Samdal.

Det er planlagt to nettverksamlingar for dei tilsette på dei sju deltakande frisklivssentralane. Det er ikkje tilfeldig at neste samling er lokalisert i region vest.

– Regionen er i forkant i arbeidet med å førebyggja sjukdom i befolkninga, seier Gro Beate Samdal.

I tillegg til å delta på eit ordinært livsstilskurs, må deltakarane fylla ut eit spørjeskjema, gå med aktivitetsmålar på armen i sju dagar og registrera søvn i ei veke. Dette må gjerast tre gonger; før kurset, etter at kurset er avslutta og to år etter kursavslutning. Opplysningane om deltakarane vert behandla konfidensielt, og all informasjon vert sletta når undersøkinga er ferdig i 2017.

Blant alle dei rundt 200 deltakarane i undersøkinga i dei sju frisklivssentralane vert det trekt ut to deltakarpremiar, eitt nettbrett (iPad) første gong etter seks månader og eitt etter to år.

 

Tekst: Vigleik Brekke

publisert 20.08.2014