Foredrag om individuell smertebehandling

Torsdag 3. april held lege og forskar Bettina Husebø som presenterer forskingsprosjektet KOSMOS.

Prosjektet skal undersøkja om individuell behandling av smerte har positiv effekt på depresjon hjå sjukeheimspasientar med demens.

Møtet finn stad i kultursalen på Fjell rådhus 3. april klokka 18.00. Arrangementet er gratis. Det vert enkel servering.

Bettina Husebø

Bettina Husebø er pioner innan alders – og sjukeheimsmedisin. Ho er leiar for Senter for alders- og sjukeheimsmedisin ved Universitetet i Bergen. Husebø skal presentera to ulike forskingsprosjekt.

KOSMOS er eit heilskapleg prosjekt med tiltak på fleire nivå, med mål om å forbetra mental helse og livskvalitet hjå pasientar på sjukeheim. Tiltaka er retta mot smertevurdering og smertebehandling, kommunikasjon, medikamentgjennomgang, organisering av tilpassa aktivitetar og pasientsikkerheit.

Det andre prosjektet er DEP.PAIN.DEM-prosjektet, som skal undersøkja om individuell behandling av smerte har positiv effekt på depresjon hjå sjukeheimspasientar med demens.

Alle interesserte frå Fjell, Sund, Øygarden og Askøy er velkomne.

publisert 26.03.2014