Følgjer opp frivillig innsats i helse og omsorg

Regionrådet Vest skal utarbeida eit notat som drøftar ein felles strategi for framtidig frivillig arbeid i regionen, mellom anna innan helse og omsorg.  Notatet vert grunnlag for ny drøfting av temaet på eit seinare møte i regionrådet. Regionrådet skal også følgja opp felles framtidig velferdsteknologi.

Frå styremøtet i dag.

Frå styremøtet i dag.

På styremøtet i Regionrådet Vest i Sund i dag orienterte prosjektleiar i Fjell kommune, Janne Mo, om to prosjekt innan helse og omsorg som fekk skjønsmidlar hjå Fylkesmannen i 2016. Det eine handla om utvikling av modell for frivillig innsats retta mot helse- og omsorgssektoren, medan det andre handla om velferdsteknologi.

Prosjektet knytt til frivillig arbeid fekk 500 tusen kroner.

– Mange eldre treng frivillig hjelp til kvardagsomsorg, som til dømes transportordningar, sa Mo. Under drøftinga på møtet i dag vart det mellom anna vist til at det no vert gjennomført ei kartlegging av det frivillige arbeidet i kommunane, og at ein må sjå oppfølginga av ein felles strategi for frivillig arbeid innan helse og omsorg i lys av dette.

Fylkesmannen har løyvd eín million kroner til innføring av digital velferdsteknologi. Målet er saumlaus bruk av teknologi  og felles modell for kommunane. Det skal utarbeidast felles vurderingsverktøy, tildelingsrutinar og om moglege betalingsordningar.  Regionrådet ber om å få tilbake ei sak med konkretisering på korleis ein kan bruka velferdsteknologi i offentleg regi.

Brannsjef i Øygarden, Jan Haute Haug, orienterte om løyvinga på 150 tusen kroner til kompetanseheving innanfor kommunal beredskap i dei tre kommunane i regionen. Det vert lagt opp til seminar over to dagar med dette temaet. Ein del av opplæringa er knytt til medietrening.

Barnevern

Leiar for barnevernstenesta i Fjell, Bård Tyldum informerte om to prosjekt innan barnevern der Fylkesmannen har løyvd totalt 1,8 millionar kroner. Av desse midlane er det sett av 450 tusen kroner til kompetanse.

– Kompetanse er noko av det viktigaste vi gjer, sa Tyldum.

Midlane har gjort det mogleg å få på plass felles barnevernsvakt måndag til torsdag mellom klokka 08.00 og kl. 21.00 (Fjell, Sund og Øygarden) og bakvaktsordning i helgane (Askøy, Fjell, Sund og Øygarden).  Det er også søkt om midlar til aktiv vakt fredag og laurdag kveld.

Dagleg leiar i Felles Ansvar, Åsta Aarøen, gav status for det felles rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltaket, Felles Ansvar. Aarøen, som har leia tiltaket sidan 2011, sa at resultatet av arbeidet har vore blanda. Eitt av dei mest vellukka tiltaket er Mekkeriet på Askøy og jentegruppe i Sund. I 2015-2016 har Felles Ansvar gjennomført ei rekkje miniseminar med tema som leksehjelp, idrett og inkludering og samarbeid mellom skule og næringsliv. Felles ansvar held fram med sine tiltak i form av fleire miniseminar/nettverksarbeid. Dette legg grunnlaget for sosialt entreprenørskap .

 

 

Åsta Aarøen orienterte om Felles Ansvar. Til venstre; Børge Haugetun.

Åsta Aarøen orienterte om Felles Ansvar. Til venstre; Børge Haugetun.

Regionrådet i framtida

Det vart ikkje tid til inngåande drøfting av saka «Bruk av regionrådet i framtida». Styreleiar Børge Haugetun meinte at regionrådet har ei viktig rolle i utviklinga også utanfor våre kommunar. Rådet vert invitert i mange forum gjennom regionrådet. Døme på dette er politiske arbeidsgrupper i regi av fylket.  Styreleiaren meinte også at regionrådet gjev høve til god samhandling mellom kommunane. Elles har regionrådet frå 2014 fått ei koordinerande rolle i samband med søknadsprosessen for tildeling skjønsmidlar frå Fylkesmannen.

Under eventuelt nemnde styreleiar Børge Haugetun vidaregåande skule og bompengeordning i bergensområdet som viktige tema for regionrådet å halda tak i.

Regionrådet drøfta også kort oppfølginga etter avvikling av Business Region Bergen. Arbeidsoppgåver som «står igjen» etter avviklinga er etablerarsenter og «Invest in Region Bergen».

Regionrådet godkjende møteplan for 2017.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 28.11.2016