Fleire kollektivreisande i bergensområdet

I 2013 registrerte fylkeskommunen for første gong over 50 millionar reiser med buss og bybane. Dette er ein vekst på 6,5 prosent i forhold til året før.

Fleire reiser med buss i regionen vår.

I bergensområdet var veksten på 7,4 prosent. Bergensområdet omfattar kommunane Bergen, Os, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Dette går fram av kollektivmeldinga til Hordaland fylkeskommune, skriv fylket på si nettside.

Talet reisande med båtrutene i fylket gjekk ned med 18 prosent frå 2012 til 2013. Nedgangen har i hovudsak kome på rutene mellom Sunnhordland og Bergen.

Les heile kollektivmeldinga her.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 10.03.2014