Fjell kommune

ÅgotnesFjell kommune er eit moderne og pulserande øysamfunn vest for Bergen med om lag 24 tusen innbyggjarar. Arealet på 147 kvadratkilometer er fordelt på den nordre delen av Sotra, Bildøyna, Litlesotra og meir enn 500 store og små øyar, holmar og skjær. Naturen i Fjell er forma av vér og vind. Lyngheiar og svaberg, blenkjande vatn og ope hav byr på gode opplevingar. Kommunesenteret i Fjell ligg på Straume.

Vekstkommunen i vest
ÅgotnesKommunen har eit ungt folkesetnadsmønster der om lag 30 prosent av innbyggjarane er under 20 år. Sidan Sotrabrua opna i 1971, er folketalet nær firedobla. I Fjell er det 18 grunnskular, kulturskule, vaksenopplæring, vidaregåande skule og to privatskular. Med 11 kommunale og 25 private heildags- og korttidsbarnehagar har Fjell kommune i dag full barnehagedekning. Helse- og omsorgstilbodet er godt og omfattar mellom anna to helsesenter, ein sjukeheim, to bu- og servicesenter, ny intermediær avdeling og lettstelte bustader for dei som treng hjelp til det daglege. Eit nytt distriktspsykiatrisk senter er under bygging, og eit nytt lokalmedisinsk senter er under planlegging.

Stor vekst har gjort det naudsynt å byggja nytt fastlandssamband. Straume er peika ut som regionsenter, og det ligg føre planar om å byggja ut eit heilt nytt bysentrum på Straume som heng saman med den nordre delen av Bildøyna.

Sartor

Framtidsvisjon for senterområdet på Straume

Eit ekspansivt næringsliv er bygt på olje, teknologi og service. Kystbasen CCB og Ågotnes industriområde er det viktigaste senteret for service og forsyningstenester til oljeverksemder i Nordsjøen. NCE Subsea er etablert på Ågotnes og hjelper til å styrka og internasjonalisera undervassindustrien i bergensregionen. På Straume har Sartor Storsenter utvikla seg til å verta det åttande største handlesenteret i Noreg.

Aktiv fritid
Fjell kommune har eit mangfaldig foreinings- og kulturliv med idrettsanlegg, symjebasseng, fotballbanar, lokale kulturbygg, kystkultursenter, historisk festningssenter (Fjell festning) og tre kyrkjer. Dette legg til rette for mange kulturelle møtestader og sosiale nettverk. Naturen byr på rekreasjon og gode opplevingar med lyngheiar og svaberg. I det kuperte terrenget finn ein turløyper på kryss og tvers.

Vestkystfestivalen, Langøymarknaden og talrike kystkultur-, idretts- og musikkstemne er trivelege aktivitetar å få med seg i Fjell.

For meir detaljert informasjon, sjå kommunens eigne sider: www2.fjell.kommune.no