Fellesmøte med oppdrettsselskap

På møtet i Regionrådet Vest den 4. juni er oppdrettsselskap i regionen inviterte til å drøfta utfordringane med å vera i raud sone.

Møtet vert halde på Fjell rådhus

Møtet vert halde på Fjell rådhus

Nærings- og fiskeridepartementet har innført eit såkalla «trafikklys-system» der kysten er delt inn i 13 område og farga med grøne, gule og raude lys, alt etter kor store konsekvensar næringa har på miljøet. Vårt område (region vest) har fått raudt lys. Dette får konsekvensar for omfanget av produksjonen.

No inviterer regionrådet til dialog og drøfting av korleis ein kan ta tak i desse utfordringane. Gode Sirklar skal innleia til dialog og presentera tilrådingar frå prosjektet «Havrom 2017 – raudt lys, kva gjer me?»

Møtet vert halde i Fjell rådhus og tek til klokka 13.00.

Her kan du lesa innkallinga med saksdokument.

 

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland

publisert 30.05.2018