Felles ROS-analysearbeid tek form

Det handla om beredskap, risiko- og sårbarheit og akseptkriterium då 30 medarbeidarar frå Askøy, Austevoll, Fjell, Sund og Øygarden var samla til KystRos på Solstrand i slutten av sist veke.

Brann- og beredskapssjef i Øygarden, Jan Gaute Haug, snakka om felles akseptkriterium.

KystRos er arbeidsnamnet på eit nokså unikt felles arbeid med risiko- og sårbarheitsanalyse i fem kystkommunar som etter planen skal vera sluttført i løpet av 2013. Det er Regionrådet Vest som har teke initiativet til felles ROS-analyse i kommunane i vest.

I dei fem kommunane er det mange felles problemstillingar knytt til samfunnstryggleik og beredskap, men det er også nokre tema som er særskilte for ein eller fleire av dei samarbeidande kommunane. Fylkesberedskapssjef Arve Meidell hadde foredrag om risiko- og sårbarheitsarbeid på samlinga i sist veke. Han helsar samarbeidsprosjektet velkomen.

– Det er tungt å gjera den jobben åleine, og dette er måten å jobba på. Vi treng å arbeida tverrfagleg med nye lovkrav. På denne måten kan ein nytta kompetanse i eigne rekkjer. Men det krev god prosesstyring og framdrift, seier Arve Meidell.

Tre arbeidsgrupper

Fylkesmannen har også løyvd 300 tusen kroner i skjønstilskot til dette arbeidet. Det er sett ned tre arbeidsgrupper

Gruppearbeid. Frå venstre; Frode Glesnes (Sund), Solveig Rong (Øygarden) og Regina N. Vestrheim (Austevoll).

som er samansett av folk frå alle kommunane. Ei gruppe skal arbeida med kritisk infrastruktur, ei anna har liv og helse som tema, medan den tredje gruppa har miljø som tema.

På samlinga i sist veke fekk deltakarane kunnskap om erfaringar etter bustadblokka i Ålesund som raste saman i 2008 og fem menneske mista livet. Det var også informasjon om korleis ein takla orkan og straumutfall i Steigan i 2007. Den siste dagen var sett av til arbeid i grupper. Utover våren skal det vera fem samlingar der dei ulike gruppene følgjer opp arbeidet.

Kommunane er pålagt å utarbeida ROS-analyse knytt til den lovpålagte beredskapsplikta. I arbeidet med lokale ROS-analysar tek ein utgangspunkt i FylkesROS Hordaland utarbeidd av Fylkesmannen i 2009. Fylkesberedskapssjef Arve Meidell understreka at det skal gjennomførast ROS-analyse i all planlegging for å avdekkja og dokumentera risiko. Det skal utarbeidast risikoreduserande tiltak både av førebyggjande og skadereduserande art.

– ROS-analysane skal gje kunnskap om risikoforhold i verksemda, etaten og kommunen. På denne måten vert ein medviten om kva risiko ein står overfor og må kunne handtera, sa Meidell.

Neste felles ROS-samling for dei fem samarbeidande kommunane er på Fjell-ly på Møvik 19. februar.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 11.02.2013