Felles prosjekt for barnevern vert presentert for departementet

– Vi vonar at departementet gjev oss høve til å prøva ut nye arbeidsmåtar for barnevernet og at staten gjev oss økonomisk støtte til å realisera prosjektet.  Det seier rådmann i Øygarden, Torgeir Sæter, framfor møtet ein delegasjon på fire personar skal ha med  statssekretær i Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Henriette Westhrin, komande torsdag.

I tillegg til Torgeir Sæther vert styreleiar i regionrådet, Olav Martin Vik, leiar i barnevernet i Askøy, Gro Thorsen Kyte og sosialsjef i Fjell, Tove Helland, med på møtet med departementet.

Prosjektgruppa som leiar arbeidet med nytt barnevern i region vest. Frå venstre: Leiar i barnevernet i Askøy, Gro Thorsen Kyte, kommunepsykolog i Fjell, Trude Senneseth, prosjektleiar Svein Lyngroth, rådmann i Øygarden, Torgeir Sæter, familieterapeut Bente Guntveit, kommunalsjef i Øygarden, Åse Vik og sosialsjef i Fjell, Tove Helleland. I tillegg er Sund kommune representert ved einingsleiar Inge Ekerhovd og leiar i barnevernet, Inger Helgeland.

I desse dagar vert det interkommunale forprosjektet, «Betre saman  for barna», lagt fram. Forprosjektet konkluderer med at nytt barnevern i region vest skal ha lokal leiing (barnevernkontor i kvar kommune) med ansvar for grunnleggjande avklaring av behov, sakshandsaming og oppfølging av meldingar. Målet er å gje «vern av barnet» ved tidleg samordna hjelp.

Det er vidare lagt opp til regionale tiltak bygd på vertskommuneprinsippet. Dei ulike kommunane vil i det regionale samarbeidet ha vertskommuneansvar for oppgåver som fagleg  krevjande tiltak, felles opplæringsplan, internkontroll/tilsyn og felles kvalitetsforståing og rutinar.

Utvida arbeidsfelt og finansiering

– Vi ønskjer å utvikla eit betre barnevern og ønskjer å få dette til i ein god dialog med departementet. Vi vil gjerna prøva ut nye arbeidsmåtar. Mellom anna ser vi for oss at kommunane kan overta oppgåver som Bufetat og Helse Bergen har ansvar for i dag. Gjennom prosjektet «Betre saman for barna» kan vi i dette pilotprosjektet stilla oss til rådvelde for departementet, seier Torgeir Sæter.

Han vonar også at møtet med departementet kan gje økonomisk støtte til prosjektet. Gjennom regionrådet har prosjektet søkt om totalt eín komma fem millionar kroner i støtte frå departementet og Fylkesmannen. Midlane er mellom anna tenkt til å finansiera ein prosjektleiar som skal følgja opp hovudprosjektet fram til utgangen av 2012, innleige av ekstern hjelp og kompetanseheving. Inntil ny prosjektleiar er på plass, vil dei samarbeidande kommunane forlengja engasjementet til prosjektleiar Svein Lyngroth frå Agenda Kaupang.

På grunnlag av forprosjektet og samtalar med departementet skal det utarbeidast ei sak om vidareføring av prosjektet som skal opp til politisk handsaming i alle dei fire samarbeidskommunane.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 31.01.2011