Felles pårørandekurs i 2016

Felles pårørandekurs i 2016

Også i 2016 vert det invitert til pårørandekurs for pårørande til personar med demens. Kurset går føre seg i perioden 27. januar til 17. februar. Dett er eit samarbeid mellom dei fire kommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.

2016-01-05_11h31_28

Slike kurs gjev folk høve til å møta andre personar i same situasjon. Her vert det gjeve informasjon om sjukdomen og korleis dei pårørande kan takla situasjonen. Etter kurset skal det haldast gruppesamtalar for dei pårørande.

Kommunane gjennomfører pårørandekurset i samarbeid med Nasjonalforeningen for folkehelsen, Askøy demensforening og Fjell, Sund og Øygarden demensforening.

I kursperioden er det lagt opp til kurskveldar i alle dei fire kommunane. Tema som vert tekne opp er sjukdomslære og åtferdsendring, kommunikasjon og samhandling, lov/rett/økonomi, hjelpemidlar, forvaltning og sorgarbeid.

Påmeldingsfrist er 20. januar.

Les plakat for kursa her.

publisert 05.01.2016