Felles pårørandekurs i 2015

No er det klart for nytt pårørandekurs for pårørande til personar med demens. Kurset går føre seg i perioden 28. januar til 18. februar og er eit samarbeid mellom dei fire kommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.

2015-01-08_14h42_20

Slike kurs gjev folk høve til å møta andre personar i same situasjon. Her vert det gjeve informasjon om sjukdomen og korleis dei pårørande kan takla situasjonen.

Etter kurset skal det haldast gruppesamtalar for dei pårørande.
Kommunane gjennomfører pårørandekurset i samarbeid med Nasjonalforeningen for folkehelsen, Askøy demensforening og Fjell, Sund og Øygarden demensforening.

I perioden er det lagt opp til kurskveldar i alle dei fire kommunane. Tema som vert tekne opp er sjukdomslære og åtferdsendring, kommunikasjon og samhandling, forvaltning og hjelpemiddel. Andre tema er lov, rett og økonomi og det å vera pårørande.

Påmeldingsfrist er 21. januar.

Les plakat for kurset her.

publisert 08.01.2015