Please install Flash® and turn on Javascript.
- På denne måten får folk høve til å møta andre personar i same situasjon. Her vert det gjeve informasjon om sjukdomen og korleis dei pårørande kan takla situasjonen. Alle kommunar bør ha pårørandeskule, og Helsedirektoratet prioriterer dette høgt, seier geriatrisk sjukepleiar på Kvednatunet i Fjell, Kjellfrid Tillung.
Sjukepleiar i Askøy kommune, Gunn Olsen, seier at ved desse kursa vil dei pårørande få informasjon om demens og korleis dei skal forholda seg til sjukdomen.
- Vi har gode tilbakemeldingar frå kurset som vart halde i fjor. Deltakarane vart godt nøgde med det faglege innhaldet, og vi håpar at dei pårørande fekk gode kontaktar gjennom dette kurset, seier Olsen.
Kommunane gjennomfører pårørandeskulen i samarbeid med Nasjonalforeningen for folkehelsen, Askøy demensforening og Fjell, Sund og Øygarden demensforening. Helsedirektoratet har gjeve 25 tusen kroner i støtte til kurset.
I perioden 25. januar til 15. februar er det lagt opp til kurskveldar i alle dei fire kommunane. Tema som vert tekne opp er sjukdomslære og åtferdsendring, kommunikasjon og samhandling, lov, rett og økonomi, forvaltning, hjelpemiddel og det å vera pårørande. Her kan du lesa programmet for Pårørandeskulen.
publisert 04.01.2012
Telefon:
56 32 75 00
E-post:
post@regionradetvest.no
Sekretariat
Sund kommune
Besøks-/postadr:
Sund senter
5382 SKOGSVÅG
Ope: Månd-fred kl. 0800-1530
www.regionradetvest.no