Felles pårørandeskule for fire kommunar

I januar og februar 2012 har dei fire kommunane i vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden, gått saman om å arrangera pårørandeskule for pårørande til personar med demens. Hausten 2010 hadde Askøy og Fjell eit slikt samarbeid, men no vert det utvida til fire kommunar.

 

Gunn Olsen og Kjellfrid Tillung

– På denne måten får folk høve til å møta andre personar i same situasjon. Her vert det gjeve informasjon om sjukdomen og korleis dei pårørande kan takla situasjonen. Alle kommunar bør ha pårørandeskule, og Helsedirektoratet prioriterer dette høgt, seier geriatrisk sjukepleiar på Kvednatunet i Fjell, Kjellfrid Tillung.

Gode erfaringar frå 2011

Sjukepleiar i Askøy kommune, Gunn Olsen, seier at ved desse kursa vil dei pårørande få informasjon om demens og korleis dei skal forholda seg til sjukdomen.

– Vi har gode tilbakemeldingar frå kurset som vart halde i fjor. Deltakarane vart godt nøgde med det faglege innhaldet, og vi håpar at dei pårørande fekk gode kontaktar gjennom dette kurset, seier Olsen.

Kommunane gjennomfører pårørandeskulen i samarbeid med Nasjonalforeningen for folkehelsen, Askøy demensforening og Fjell, Sund og Øygarden demensforening. Helsedirektoratet har gjeve 25 tusen kroner i støtte til kurset.

I perioden 25. januar til 15. februar er det lagt opp til kurskveldar i alle dei fire kommunane. Tema som vert tekne opp er sjukdomslære og åtferdsendring, kommunikasjon og samhandling, lov, rett og økonomi, forvaltning, hjelpemiddel og det å vera pårørande. Her kan du lesa programmet for Pårørandeskulen.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 04.01.2012