Felles pårørandekurs for fire kommunar

Også i 2014 året vert det arrangert pårørandekurs for pårørande til personar med demens. Kurset pågår i perioden 29. januar til 19. februar og er eit samarbeid mellom dei fire kommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.

Kjellfrid Tillung

Den siste tida har spørsmålet om demens fått stor merksemd. TV-innsamlinga på NRK i oktober 2013 gjekk til Nasjonalforeningen for folkehelsen sitt arbeid med demens.

– Det er framleis stort behov for å gje kurs om dette. På denne måten får folk høve til å møta andre personar i same situasjon. Her vert det gjeve informasjon om sjukdomen og korleis dei pårørande kan takla situasjonen. Alle kommunar bør ha pårørandekurs, og Helsedirektoratet prioriterer dette høgt, seier geriatrisk sjukepleiar på Kvednatunet i Fjell, Kjellfrid Tillung.

Etter kurset skal det haldast gruppesamtalar for dei pårørande.

Gode erfaringar

Sjukepleiar i Askøy kommune, Gunn Olsen, seier at ved desse kursa vil dei pårørande få informasjon om demens og korleis dei skal forholda seg til sjukdomen.

– Vi har gode tilbakemeldingar frå dei tre kursa som vart haldne i 2011 til 2013. Deltakarane vart godt nøgde med det faglege innhaldet, og vi håpar at dei pårørande fekk gode kontaktar gjennom dette kurset, seier Olsen.

Komitéen for pårørandekurset. Bak frå venstre: Gerd, Britt-Marie, Marit, Gunn, Evy, Marita og Grethe. Framme: Bjørg, Gøril, Kjellfrid og Wenche.

Kommunane gjennomfører pårørandekurset i samarbeid med Nasjonalforeningen for folkehelsen, Askøy demensforening og Fjell, Sund og Øygarden demensforening.

I perioden er det lagt opp til kurskveldar i alle dei fire kommunane. Tema som vert tekne opp er sjukdomslære og åtferdsendring, kommunikasjon og samhandling, forvaltning og hjelpemiddel. Andre tema er lov, rett og økonomi og det å vera pårørande.

Les plakat for kurset her. (pdf-fil)

Tekst: Vigleik Brekke

publisert 25.11.2013