Felles pårørandekurs for fire kommunar

Også dette året vert det arrangert pårørandekurs for pårørande til personar med demens. Kurset pågår i perioden 30. januar til 20. februar og er eit samarbeid mellom dei fire kommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.

Gunn Olsen og Kjellfrid Tillung

– På denne måten får folk høve til å møta andre personar i same situasjon. Her vert det gjeve informasjon om sjukdomen og korleis dei pårørande kan takla situasjonen. Alle kommunar bør ha pårørandekurs, og Helsedirektoratet prioriterer dette høgt, seier geriatrisk sjukepleiar på Kvednatunet i Fjell, Kjellfrid Tillung.

Nytt dette året er at det etter kurset skal haldast gruppesamtalar for dei pårørande.

Gode erfaringar frå 2011 og 2012

Sjukepleiar i Askøy kommune, Gunn Olsen, seier at ved desse kursa vil dei pårørande få informasjon om demens og korleis dei skal forholda seg til sjukdomen.

– Vi har gode tilbakemeldingar frå kurset som vart halde i fjor og forfjor. Deltakarane vart godt nøgde med det faglege innhaldet, og vi håpar at dei pårørande fekk gode kontaktar gjennom dette kurset, seier Olsen.

Kommunane gjennomfører pårørandekurset i samarbeid med Nasjonalforeningen for folkehelsen, Askøy demensforening og Fjell, Sund og Øygarden demensforening.

I perioden er det lagt opp til kurskveldar i alle dei fire kommunane. Tema som vert tekne opp er sjukdomslære og åtferdsendring, kommunikasjon og samhandling, lov, rett og økonomi, forvaltning, hjelpemiddel og det å vera pårørande. 

Her kan du lesa heile programmet. (pdf-fil)

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 03.01.2013