Felles JordmorHeim-tilbod?

Kommunane Fjell, Sund og Øygarden vurderer å etablera eit JordmorHeim-prosjekt med Helse Bergen/Kvinneklinikken.

Styret i Regionrådet Vest med dei fire ordførarane i region vest. Frå venstre Otto Harkestad (Øygarden), Siv Høgtun (Askøy), Eli Årdal Berland (Fjell) og Ove Bernt Trellevik (Sund)

Fjell kommune har hatt eit jordmorHeim-tilbod sidan januar 2011. Saka skal opp i styret i Regionrådet Vest i Sund måndag 18. mars.

Det ligg no føre ein fagleg rapport der JordmorHeim i vest vert eit interkommunalt samhandlingsprosjekt der nyfødde og barselkvinner får oppfølging av kommunal jordmor innan to dagar etter dei har kome heim frå klinikken.

Totale driftsutgifter er rekna til om lag 1,3 millionar kroner i tillegg til eingongsinvesteringar på om lag 275 tusen kroner. Prosjektet er tenkt finansiert som eit spleiselag mellom fleire aktørar i heile prosjektperioden. Dersom Fylkesmannen og/eller Helse- og omsorgsdepartementet løyver pengar til prosjektet, vert kostnadene for den einskilde kommune redusert.

I rapporten vert det vist til at ein interkommunal barselklinikk kan gje barselkvinner og nyfødde jordmoroppfølging året rundt, også i feriar og ved uventa sjukdom. Barselklinikken vil ha same innhald som eit heimebesøk, men med den skilnaden at familien må ut av huset i staden for heimebesøk. Det er føreslått at klinikken bør lokaliserast på «midten», og styringsgruppa har gått inn for å lokalisera klinikken på Straume og at Fjell kommune vert vertskommune.

Andre saker i styremøtet i Regionrådet Vest 18. mars

• Regional IKT-strategi
• Oppfølging av sak om moglegheitsstudium kommunestruktur
• Tema for Tinget i vest 8. april
• Næringsprosjektet – sluttdokument
• Meldingar

Les innkalling og saksdokument her.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 15.03.2013