Felles brannvern

Samanslåing av Sotra Brannvern IKS og Øygarden kommunale brannvesen

Her kan du lesa om arbeidet med å slå saman Sotra Brannvern IKS og Øygarden kommunale brannvesen.

For å skapa eit større og meir robust brannvesen, har Sund, Fjell og Øygarden kommunar vedteke å slå saman Sotra Brannvern IKS og Øygarden kommunale brannvesen til eit nytt selskap Sotra og Øygarden brannvesen IKS.

Les vedtaka fatta av kommunestyra her:

Arbeidsgruppe

Ei arbeidsgruppe med representantar frå Askøy brann & redning, Sotra Brannvern IKS og Øygarden brannvesen utarbeidde i 2014 rapporten Forprosjekt (2013-2014) Vest-Hordaland brann & redning. Rapporten tilrådde ei samanslåing av kommunane sine brannvesen.

Kommunestyrebehandling

Rapporten vart behandla i kommunestyra i Askøy, Sund, Øygarden og Fjell kommunar. Askøy kommune sa nei til å delta i eit interkommunalt samarbeid om brannvesen, medan dei andre kommunane var positive til ei samanslåing. Kommunestyra i Sund (17.06.2014), Fjell (19.02.2015) og Øygarden (15.04.2015) ønskte at det skulle leggjast fram ei ny sak om interkommunalt samarbeid, kor det vart gjort greie for rammer og føresetnader for samarbeidet utan deltaking frå Askøy kommune.

Interimsstyre

I 2015 oppretta kommunestyra i Sund, Fjell og Øygarden kommunar eit interimsstyre som fekk i oppdrag å etablera eit nytt felles brann- og redningsvesen for dei tre kommunane og utgreia rammene for samarbeidet på ny. Interimstyret engasjerte KPMG til å hjelpa til i dette arbeidet. Arbeidet er organisert som eit prosjekt. I tillegg til representantar i interimsstyret, involverer og rådfører prosjektet seg med rådmennene i Sund, Fjell og Øygarden kommunar i tillegg til leiinga i respektive brannvesen og tillitsvalde.

Rapport

Arbeidet har resultert i ein rapport Etablering av Sotra og Øygarden brannvesen IKS (SØB), som skisserer rammene for det interkommunale samarbeidet og ein selskapsavtale. Rapporten skisserer opp rammer og føresetnader for eit interkommunale samarbeid om brann- og redningstenester og har og eit forslag til plan for gjennomføring av samanslåinga av Sotra Brannvern IKS og Øygarden kommunale brannvesen. Både rapport og selskapsavtale har vore på høyring til rådmennene i Sund, Fjell og Øygarden kommunar, den administrative leiinga og fagforeiningar i brannvesena og styret i Sotra Brannvern IKS v/styreleiar.

Dokument

Møteprotokoll representantskapet

Møteprotokoll styre

Representantskap

Representantskapet i Sotra og Øygarden brannvesen IKS hadde 26.09.2016 sitt fyrste møte. Styret i det nye selskapet er venta å kome på plass medio november 2016.  Når det nye styret er valt, vert det etablert eit prosjekt for å gjennomføra samanslåinga. Samstundes tek arbeidet med å laga ein eigarstrategi for det nye selskapet til.  Det vert lagt ut meir informasjon om samanslåinga etter kvart.

Medlemer i representantskapet

Medlem Funksjon Representerer
Børge Haugetun Leiar Øygarden kommune
Marianne Sandahl Bjorøy Nestleiar Fjell kommune
Atle Dåvøy Medlem Øygarden kommune
Lars Olav Hjartøy Medlem Fjell kommune
Kari- Anne Landro Medlem Sund kommune
Nils Kåre Skoge Medlem Sund kommune
Ernst Morten Einarsen Vara Fjell kommune
Odd Bjarne Skogestad Vara Fjell kommune
Jørgen Kausland Vara Sund kommune
Jogeir Sognnæs Vara Sund kommune
Anne-Elin Dahle Vara Øygarden kommune
Ingrid Marie Toft Vara Øygarden kommune

Styre

Medlem Funksjon Representerer
Per Rune Eikeseth Leiar Sund kommune
Olav Martin Vik Nestleiar Øygarden kommune
Nina Glesnes Medlem Sund kommune
Sveinung Vethe Medlem Fjell kommune
Svein Bergh Medlem Fjell kommune
Silvia Haugland Medlem Øygarden kommune
Rudolf Krondorfer Vara Sund kommune
Vara Øygarden kommune
Liv Trellevik Vara Sund kommune
Anita Undal Vara Fjell kommune
Monica Alvheim Vara Fjell kommune
Vara Øygarden kommune
Jørgen Kausland Tilsett / Medlem Sotra Brannvern IKS
Eirik Monssen Tilsett / Observatør Øygarden Brannvesen
Petter Rørvik Tilsett / Vara Sotra Brannvern IKS
Jarl Hestad Tilsett / Vara Øygarden Brannvesen