Felles Ansvar: – Vi er i gang

Åsta Årøen er tilsett som prosjektkoordinator i det felles rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltaket Felles Ansvar. Med tilsetjing av koordinator er arbeidet  for alvor starta opp. Basen til Felles Ansvar er lokalisert i Askøy, og Årøen skal ha kontoret på Askøy rådhus.

Nytilsett prosjektkoordinator i Felles Ansvar, Åsta Årøen

– Eg håpar at det vert oppretta tiltak i alle dei fire kommunane i startfasen. I Kleppestø-området på Askøy og på Straume i Fjell er to tiltak allereie på trappene. Vi skal også få kartlagt kva behov og utfordringar vi har på dette feltet i Sund og Øygarden. Eg skal ta ein runde i området og verta kjent med folk som er engasjert i slikt arbeid, seier Åsta Årøen som gradvis vil auka stillingsprosenten frå 20 prosent første desember til full stilling frå mars 2012.

Samarbeidsprosjekt

Felles Ansvar er koordinert gjennom Regionrådet Vest der fleire frivillige organisasjonar, politi og dei fire samarbeidskommunane i regionen (Askøy, Fjell, Sund og Øygarden) går saman om eit rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak retta mot risikoutsett ungdom. Dette skal ikkje erstatta andre tiltak i kommunane, men vera eit supplement basert på frivillig arbeid. Styret for Felles Ansvar er samansett av representantar frå Vesthordland prosti, Lions Askøy, politiet, Askøy Røde Kors og kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Torbjørn Fjøren frå Vesthordland prosti er leiar i styret. Til dagleg er han diakon i Fjell kyrkjelyd.

– Eg er overtydd om at vi har fått rett person til å leia dette arbeidet. Ho har ein god bakgrunn og veit kva ho går til. Det fins mange aktørar som driv arbeid mot risikoutsett ungdom. Vi håpar at vi kan hjelpa fram gode idear. Samarbeidet med politiet er viktig i dette arbeidet, seier Fjøren.

Åsta Årøen er frivilligheitskoordinator i Løvstakksiden menighet i Bergen og er styreleiar i Askøy Røde Kors. Ho har arbeidd mykje med flyktningar i regi av Hordaland Røde Kors. Årøen også politisk engasjert og sit i bystyret i Bergen for Venstre. Som leiar av Norges venstrekvinnelag sit ho både i landsstyret og sentralstyret i Venstre.

Støtte frå næringslivet

Åsta Årøen og styreleiar Torbjørn Fjøren

Felles Ansvar har pr.dato 1,4 millionar kroner til disposisjon til prosjektet. Den største einskildgåva er eín million kroner frå Gjensidigestiftelsen. Fylkeskommunen har støtta prosjektet med 100 tusen kroner, StorBergen Boligbyggelag gjev 200 tusen kroner medan Lions Club Askøy har sett av 200 tusen kroner til tiltaket. I tillegg har ei rekkje næringslivsaktørar gjeve signal om støtte til Felles Ansvar.

Åsta Årøen har skrive masteroppgåve om samarbeid mellom offentleg og frivillig sektor.

– Eg har tru på at vi kan få til eit godt samarbeid mellom frivillige organisasjonar og lokalt næringsliv. På Askøy reknar vi med å koma i gang med eit tiltak der ungdom kan få «mekka» på bil, og i straumeområdet vil vi starta opp med eit konkret tiltak for ungdom i senterområdet knytt opp mot Basecamp, seier Åsta Årøen.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 25.11.2011