Felles Ansvar: Tiltak i alle kommunane

Det kriminalitetsførebyggjande tiltaket Felles Ansvar legg vekt på at det skal utviklast gode tiltak i alle dei fire kommunane i region vest, Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.

På årsmøtet i Fjell i dag presenterte prosjektleiar Åsta Årøen årsmeldinga for 2012. Både årsmeldinga og rekneskapen vart godkjente. 

Leiarskapet i Felles Ansvar. Frå venstre; styreleiar Torbjørn Fjøren, prosjektleiar Åsta Årøen og nestleiar Terje Høgtun

Med god støtte frå Lions Askøy kunne ein i september i fjor starta opp Mekkeriet på Florvåg. Her har  mekkeinteressert, særleg risikoutsett ungdom, fått eit flott og populært tilbod. I Sund er det etablert ei jentegruppe med gode tilbakemeldingar. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Sund Sportsklubb, ungdomskontoret i Sund og Felles Ansvar. Også i Øygarden er det aktuelt å starta med jentegruppe. Eit tiltak retta mot riskoutsett ungdom i Fjell er Basecamp Active.

– Felles Ansvar kan ha positiv effekt på frivillig sektor. Det kan gje auka kompetanse, revitalisering og stimulera til å overføra gode idéar til nabokommunane. Eit godt døme på dette er at Øygarden ønskjer å etablera jentegruppe etter mønster frå Sund, seier prosjektleiar Åsta Årøen.

Frå årsmøtet i dag.

Torbjørn Fjøren held fram som styreleiar

På årsmøtet i dag vart Torbjørn Fjøren attvald som styreleiar. Styret er elles samansett av Terje Høgtun (Lions Askøy, nestleiar), Monica Rønhovde (Øygarden kommune), Bjørghild Mikalsen (Askøy Røde Kors ), Rune Hauge/Gørild Wold (Askøy kommune), Monica Mørk (politiet), Inge Ekerhovd (Sund kommune) og Lennart Fjell (Fjell kommune). Dei ulike prosjekteigarane vel sjølv ut kven som skal representera dei i styret. Felles Ansvar har kontoret lokalisert på rådhuset i Askøy kommune.

Foreininga Felles Ansvar sitt mandat er å driva tiltak retta mot ungdom med høg risiko for kriminalitet og rus. Ut frå Vista-analysen vil det vera mellom 17 og 32 ungdomar i region vest som kan ha behov for sekundærførebyggjande innsats. Felles ansvar skal vera eit ubyråkratisk supplement til det offentlege sitt ansvar. Erfaringa så langt er at blanda grupper med både risikoutsett ungdom og dei som ikkje er i risikosonen fungerer best.

Økonomi

Felles Ansvar er finansiert med sponsormidlar. Mellom sponsorane er Gjensidigestiftelsen og Lions Askøy. Det vert arbeidd med å innhenta nye sponsorar. Mellom anna er det god kontakt med Vest Næringsråd. Felles Ansvar har pr. dato midlar til å halda fram med drifta ut 2013. Midlane går til løns- og driftskostnader. I tilegg er det i 2012 løyvd 120 tusen kroner til konkrete ungdomstiltak. I 2013 ser det ut til at beløpet vert dobla.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 22.05.2013