Felles Ansvar er organisert

I midten av juni vart det rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltaket Felles Ansvar etablert som foreining. Som styreleiar for prosjektet er valt diakon i Fjell kyrkjelyd, Torbjørn Fjøren. 

Torbjørn Fjøren

– Vi har lyst ut stilling som prosjektkoordinator, og vi håpar at tilsetjing vil skje i løpet av november. Vi har fått eit godt samansett styre der alle syner engasjement overfor risikoutsett ungdom, seier Torbjørn Fjøren.

Samarbeid i regionen

Felles Ansvar er koordinert gjennom Regionrådet Vest der fleire frivillige organisasjonar, politi og dei fire samarbeidskommunane i regionen (Askøy, Fjell, Sund og Øygarden) går saman om eit rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak retta mot risikoutsett ungdom. Dette skal ikkje erstatta andre tiltak i kommunane, men vera eit supplement basert på frivillig arbeid.

Etter at ein sluttrapport vart overlevert til regionrådet i fjor, har Rune Hauge i Askøy kommune følgd opp og fått prosjektet organisert som foreining. Næringslivet har stilt opp, og fleire sponsorar har gjeve lovnad om støtte til prosjektet. Mellom anna har Gjensidigestiftelsen løyvd eín million kroner til dette tiltaket.

– Dette prosjektet vert realisert i nært samarbeid med politiet og alle gode frivillige krefter. Ofte er det politiet som gjev oss signal om kvar det er behov for tiltak. Målet er å starta opp med tiltak i alle dei fire kommunane, seier Torbjørn Fjøren.

Styret for Felles Ansvar er samansett av representantar frå Vesthordland prosti, Lions Askøy,
politiet, Askøy Røde Kors og kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Nestleiar i styret er Terje Høgtun (Askøy).

  Tekst og foto: Vigleik Brekke

publisert 06.10.2011